Hopp til innhold

Badenymfene bada Sommarbåten av garde

Då Sommarbåten la frå kai klokka 05.00 i dag tidleg i Florø, kasta Wenche Gulestø Hermansen og resten av badenymfene seg i sjøen.

Ni badenymfer i Flora var ute og bada klokka 05.00, då Sommarbåten la frå kai.

Dei ni morgonfuglane kasta seg i sjøen ved moloen på Nordnes i Florø.

– Båten var veldig presis, så vi måtte berre kaste kleda og hive oss ut i vatnet, fortel Gulestø Hermansen, som nettopp har kome opp frå det våte element.

Gjer alt for å kome på tv

Bading

UT AV DVALEN: Dei glade badenymfene har heilårsbada saman i fire til fem år. Sommarbåten fekk dei opp og ut i morgontimane.

Foto: Privat

Når NRK tek kontakt er dei mest opptekne av om dei kom med på tv.

– Såg du oss altså? Så kjekt! Alle saman vi var på tv-en, ropar Gulestø Hermansen til dei åtte andre damene som fekk kjenne på badetemperaturen denne morgonen.

Ho legg ikkje skjul på at ønskje om å kome på tv var det som fekk badnymfene ut av dvalen og ned i det om lag 16 grader varme vatnet.

– Vi badar heile året, men no har vi låge litt i dvale, så då tenkte eg at dette var ei god anledning. Alt for å kome på tv, seier Hermansen.

Del dine bilete frå møtet med Sommarbåten - med #nrksf

– Ein frisk start

Alle dei ni som har bada saman i kring fire til fem år møtte opp for å bade sommarbåten av gårde, før dei no skal vidare på jobb.

– Vi ler, drikke kaffi og kosar oss. Det er ein nydeleg og frisk start på dagen, fortel Hermansen.

Er dykk litt galne?

– Ein må vere litt gal for å halde på med heilårsbading. Men vi er jo litt sporty og då, seier badenymfa.

Sjå sommarbåten si rute her

Badar sommarbåten avgarde

BADA KLOKKA 05.00: Badenymfene bada i morgontimane i dag til ære for NRK sin Sommarbåt.

Foto: Privat