Tok imot sommarbåten med stil

Sogndølene kom seint men i hopetal til Dampskipkaien for å ta i mot NRK sin sommarbåt i dag.

Sommarbåten Sogndal
Foto: Alf Vidar Snæland

Berre tre kvarter før båten skulle leggje inntil var det glissent på kaien.

Hans Christian Hansen frå Sogndal skyttarlag, sjølv opphavleg nordfjording, forsikra om at oppmøtet kom til å bli godt, då han hevda følgjande er skilnaden i sinnelag mellom tidlegare og noverande heimregion: Når nordfjordingen er svolten legg han ut i båten, dreg opp ein torsk og reiser heim og et; når sogningen treng mat set han poteter og set seg ned og ventar.

Ein jamn straum av sogndøler, andre sogningar, tilflyttarar og turistar la ei fin ramme då Sommerbåten, med følgje av eit stort tal fritidsbåtar på slep, la til kai like før klokka 14. Vêret var som under første besøk i Florø i går: Ingen sol, men heller ingen regn. Ungar spelte fotball og helste på maskotane som hadde møtt opp.

Sommarbåten Sogndal

MYKJE GODT: Folk hadde rikeleg med valmoglegheiter om dei ville ha seg noko godt å ete

Foto: Christian Blom

Berre meter frå båten serverte Sigrid Henjum og kafeen hennar både fiskesuppe, hedlekaker, pølser, jordbær og kaffi. NRK sin reporter fekk kjeft for å kalle hedlekakene for sveler, og ordførar i Sogndal, Jarle Årvoll torde etter ein god porsjon fiskesuppe ikkje å smake på «svelene» fordi han var redd for å måtte trillast opp Bryggjegota mot Rådhuset.

Ein ting var dei samde om heile gjengen. Det betyr mykje for bygda å få båten på besøk. Stor stemning i Sogndal, og i kveld klokka 21.30 kan du enten møte opp eller sjå på fjernsyn når Sommeråpent sender direkte frå kaien på NRK1. I morgon står Høyanger for tur.

Del dine bilete frå møtet med Sommarbåten - med #nrksf

Bli med oss på hele reisen fra Vadsø i nord til Oslo i sør gjennom 58 sommerdager