Hopp til innhold

Snøras på riksveg 5 – vegen er opna att

Det gjekk eit snøras over vegen ved Kleivatunnelen på riksveg 5 mellom Skei og Fjærland. Også utanfor Sogndal sentrum skapte eit vogntog trøbbel.

snøras 2

Raset var tre meter breitt og gjekk opp til autovernet. Vegtrafikksentralen opplyser at ingen er tatt av raset. Vegen vart stengd i om lag ein time, men er no opna att.

På same strekning, tre kilometer frå Sogndal sentrum stod eit vogntog fast. Vogntoget er no berga og vegen er opna for fri ferdsel.

Snø og vind har skapt problem på vegane fleire stadar i landet måndag.