– Eg vil oppmode trafikantar om å vurdere å bruke vinterdekk om dei skal over fjellet i helga, seier statsmeteorolog Steinar Skare til NRK.
Fjellovergangane som knyter aust- og vest er alle opne, men på desse fjellovergangane har det kome snø.
- Fylkesveg 55 – Aurland-Hol, Sognefjellet
- Riksveg 13 Vikafjellet
- Riksveg 7 Hardangervidda
– No er det viktig at bilistane skor seg etter tilhøva. Alle har vel sommardekk på i dag, men om dei skal over ville eg heller ha vurdert å køyre enn anna veg, seier trafikkoperatør ved vegtrafikksentralen i Bergen, Marianne Hove.
Pudderføre i juli
På den populære turistvegen, fylkesveg 5624 på Aurlandsfjellet mellom Lærdal og Aurland, er det snøslaps på vegen. I Geiranger var Nibbevegen opp mot Dalsnibba stengd torsdag kveld på grunn av snø, skriv Geiranger Skywalk Dalsnibba på Facebook.
Det er meldt låge temperaturar og nedbør i form av snø på fleire overgangar i løpet av dagen.
I morgontimane i dag har vegtrafikksentralen registrert temperaturar mellom -2 til 2 varmegrader på fjellovergangane. Laurdag skal temperaturen stige noko.
På Folgefonna skisenter Jondal har dei midt på dagen fredag fått noko så sjeldan som pudderføre i juli.
– Vi har til no fått 35 centimeter ny snø berre i dag, seier dagleg leiar Michael Iversen.
– Vêret snur fort
Ove Fortun driv Sognefjellet Sommarskisenter langs fylkesveg 55. Der har det kome to centimeter nysnø i løpet av natta.
Han melder om elles greie køyretilhøve på fylkesvegg 55.
– Det er våt vegbane og ingen dramatikk. Men alle veit at vêret på Sognefjellet kan endre seg raskt, seier Fortun.
– Vinterberedskapen er minimal, men entreprenørane rykker ut om det blir behov for strøing eller brøyting på vegane, opplyser Hove.