Hopp til innhold

Har sendt ut farevarsel: Her kan det bli farleg med sommardekk

Noreg bada i sol og varme i juni. Juli startar med 10–17 gradar – og snø på fleire fjellovergangar.

Hardngervidda med gule striper, hvit brøytekant og knallbrå himmel med noen skyer

VÊROMSLAG: Det såg vakkert ut på Hardangervidda 1. juli. Men snart blir det både vått, grått og glatt her.

Foto: Tone Vik

Sommarferien er i gong for fullt, og i år ferierer ekstra mange nordmenn i eige land.

Dei som skal på bilferie bør merke seg følgande:

Frå og med torsdag kveld er det nemleg sendt ut gult farevarsel for snø og glatte vegar på fjellovergangane i Sør- og Nord- Noreg.

Det kan bli vanskelege køyreforhold i fleire fjellområde:

  • Riksveg 7 Hardangervidda
  • Fv55 Sognefjellet
  • E134 Haukelifjell
  • Langfjella mellom Aust-, Sør- og Vestlandet

– Det blir sludd og snøbyer over 1000 meter i Sør-Noreg, melder Meteorologisk institutt på Twitter.

Kveld på fylkesveg 7 Hardangervidda

SNØ: På fylkesveg 7 Hardangervidda er det snø langs vegane.

Foto: Malin Skistad

Blir mellom 10 og 17 grader

Vakthavande meteorolog, Magnus Ovhed, har ei klar oppmoding til sommartrafikantane:

– Det er få som har vinterdekk på bilen i desse sommartider, så skal ein over fjellet på nattetid eller tidleg morgon må ein vere varsam.

Den komande helga vil vêret stå i stor kontrast til førre helg, då gradestokken fleire stader bikka 30 grader.

Kald luft som kjem innover mot Noreg står bak vêromslaget, seier meteorologen.

Det betyr mellom 10 og 17 grader store delar av landet frå helga og ut i neste veke.

Eller som meteorologane kallar det: Ein typisk norsk sommar.

Laster Twitter-innhold

Mellom 10 og 17 grader

Då er det ikkje så rart dersom det frys på i fjellet dei komande dagane.

Der fell temperaturen om lag 7-9 grader per 1000 meter. På fjellovergangane nærmar det seg då null.

Ovhed seier det ikkje er uvanleg at vi om sommaren kan ha lange periodar med ein vêrtype, enten at det er veldig varmt, eller litt skiftande, slik som no.

Kor sannsynleg er det at det blir snø?

– Det er ganske sikkert. Det skal ikkje vere så veldig kaldt for at det skal snø i på sommarstid. Det er nok at vi får ein litt kjøligare periode, då droppar temperaturen raskt under null så høgt oppe.

Håp om litt varme i nord

I Nord-Noreg er det framleis håp om det meteorologane kallar «blaff» med varmare luft fram til måndag:

Laster Twitter-innhold