Hopp til innhold

Slit med å finne pengar til omstridd gruveprosjekt

Dei treng fleire milliardar for å setje i gang den svært omstridde gruvedrifta i Førdefjorden. No fører koronaen til at eigaren har problem med å stable ei finansiering på beina.

Protesterer mot Nordic Mining

NEDGANG: Aksjekursen på Nordic Mining-aksjane har halvert seg sidan i sommar og prisen per aksje ligg i dag på litt under to kroner.

Foto: Marte Halsør / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Engebøfjellet i Vevring i Sunnfjord er smekkfullt av mineral som Nordic Mining vil utvinne. Men pengepungen til selskapet er ganske slunken.

I dag fortel E24 at dei utset finansieringa av gruveprosjektet i Sogn og Fjordane.

Til NRK seier Fossum dei no er nøydde til å ta rev i segla og avvente den spente situasjonen i finansmarknadane.

– Verda har blitt meir usikker. Vi trur det vil vere vere behov for etablere eit enda meir robust prosjekt for å få det finansiert, seier Fossum.

I praksis vil det seie at Nordic Mining framleis har trua på at dei skal klare å skaffe nok pengar, men det vil ta lenger tid.

Selskapet har sjølv estimert at dei treng tre milliardar kroner for å kome i gang. No kan denne summen bli redusert.

Demonstrantar ved Engebøfjellet

GRUVESANG: Dei siste åra har det vore omfattande aksjonar mot gruveprosjektet i Vevring. Her frå 2016.

Foto: Bård Siem / NRK

Store protestar i fleire år

Etter planen skulle prosjektet ha vore fullfinansiert innan utgangen av 2020, no er håpet at dei klarer å finne nok pengar og kan sette spaden i jorda innan utgangen av 2021.

Striden om gruvedrifta i Vevring har i stor grad handla om kvar avfallet skal hamne. Nordic Mining har fått løyve til å dumpe store mengder finkorna støv på fjordbotnen.

Dette har ført til fleire demonstrasjonar der aktivistar har lenka seg fast til anleggsmaskiner.

Ivar Fossum i Nordic Mining

UTSETTER: Ivar Fossum er sjef i Nordic Mining.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Vil kutte i investeringane

I ei melding på heimesida opplysar Nordic Mining at dei har hatt ein større gjennomgang av gruveprosjektet.

– Det vil føre til betydeleg reduksjon i dei opphavlege investeringane, skriv selskapet.

Dei skriv vidare at dei ønskjer å redusere anlegget sitt miljømessige fotavtrykk. Det skal dei gjere ved å endre strategien for bygging av vegar, anlegg og bygningar.