Dei beste laga frå 1.divisjon og dei dårlegaste laga frå eliteserien førre sesong er akkurat no samla på La Manga til trening og treningskampar.
Laurdag ettermiddag møter Sogndal Kongsvinger til treningskamp på La Manga. Du kan følgje kampen minutt for minutt på NRK sine nettsider.
Følg kampen direkte
Laurdag møter nyopprykka Sogndal Kongsvinger, eitt av laga som rauk ut av eliteserien i fjor.
NRK følgjer kampen direkte, og kan følgje med minutt for minutt frå klokka 15. Følg med i direkteoppdateringa øvst i saka.
- La Manga er viktig
Under ein månad før seriestart er Sogndal klare for den første av to treningskampar på La Manga i Sør-Spania.
Trenar Harald Aabrekk nærmar seg ein førsteellevar.
- La Manga er viktig for oss, det er viktig å vere på stor bane og få inn dei rette avstandane i laget. I tillegg møter vi god motstand, seier Aabrekk før møtet med Kongsvinger.
Desse spelar frå start
Aabrekk meiner eksperimenteringa er over og at han nærmar seg ei førsteoppstilling til sesongstart.
- Det laget vi stiller med i dag er nærmt det me ville ha stilt med om det var seriekamp, seier eidingen med hovudansvaret for Sogndal.
Aabrekk stiller med følgjande elleve mot Kongsvinger: (442) Kenneth Udjus - Isak Scheel, Even Hovland, Gustav Valsvik, Per Egil Flo - Ole Jørgen Halvorsen, Eirik Bakke, Henrik Furebotn - Espen Olsen, Ulrik Flo.
Fire sigrar så langt
Kampen i dag er den sjette for Sogndal i 2011. Frå før har dei møtt både lokale lag og fleire topplag.
Slik har det gått:
- Årdal F.K – Sogndal 0-4
- Sogndal – Førde I.L 3-1
- Sogndal – Hødd I.L 2-0
- Molde F.K – Sogndal 1-0
- Aalesunds F.K – Sogndal 2-4
LES OGSÅ:
Må spele utan Hansen
Spissen Cato Hansen får ikkje spele mot Kongsvinger laurdag. Tidlegare i veka fekk han skuldra ut av leddet under trening på La Manga.
Medisinsk koordinator i Sogndal Fotball, Kim Are Jacobsen
Hansen vart henta til Sogndal før denne sesongen.
- LES OGSÅ: