Hopp til innhold

Sogndal knuste Aalesund

Nyopprykka Sogndal vann treningskampen mot Aalesund fredag. – Vi fekk vist at vi høyrer heime på dette nivået, seier trenar Harald Aabrekk.

Espen Olsen

SKÅRA: Espen Olsen skåra det eine av måla i dag. (Arkivfoto)

Foto: Rune Fossum / NRK

Heimelaget Aalesund FK skåra kampens første mål etter 20 minutt ved Demar Phillips.

Berre få minutt vart det 1-1 etter sjølvmål ved keeper Sten Grytebust. Barry Kader skåra 1-2-målet og det var også resultatet ved pause. Dei to neste måla til Sogndal blei skåra av Espen Olsen og Gustav Valsvik. Til slutt klarte Solomon Okoronkwo frå heimelaget i putte ballen i mål.

Dermed vann Sogndal 4-2 over Aalesund.

Fekk tryggleik i dag

Sogndal-trenar Harald Aabrekk seier at det viktigaste med denne kampen var å få kampgjennomkøyring mot ein tippeligamotstander.

– Eg ser at vi har kapasitet til å vere med på dette nivået, og eg følte at vi fekk denne tryggleiken i dag, seier trenar Harald Aabrekk

Største utfordring er tempoet

Han seier at dei fekk kjenne tippeligatempoet dei vil møte når serien startar.

–Vi gjorde mykje rett og skapte mykje i tillegg til dei måla vi skåra. Det var ei god gjennomkøyring. Det viktigaste i dag var samhaldet og lagmoralen. Dei elleve som starta gjorde ein god jobb, det gjorde også dei som kom innpå i løpet av kampen.

Men samstundes ser han også at dei har utfordringar framover.

– Det er ikkje berre fantastisk det vi gjorde i dag. Vi hadde periodar der vi ikkje klarte å komme inn i presset defensivt, og den største utfordringa er tempoet i tippeligaen.