Hopp til innhold

Slik snakkar du med barna om overgrepssaker

– Snakk med barna! Dei får med seg meir av nyheitene enn vi trur, seier barne- og ungdomspsykolog Katrin Glatz Brubakk.

Two children, sitting in a dark, playing with gadgets Two children, sitting in a dark, playing with gadgets

OPPDELT: Barn kan få med seg delar av nyheitene utan å lese nyansane silk vaksne gjer. Då er det viktig å snakke om store saker som overgrepssakene som har vore omtala dei siste dagane.

Foto: Illustrasjonsfoto / colorbox.com

Operasjon «Dark Room» er ein av dei største overgrepssakene i noregshistoria. 51 menn er involverte i nettverket, og saka blir omtala i både nasjonale og lokale nyheiter.

Katrin Glatz Brubakk er universitetslektor ved NTNU og klinisk psykolog med spesialisering på barn og unge. Ho seier det er viktig at vaksne forstår at også barn får med seg saker som blir omtala i nyheitene.

– Barn får det med seg. Vi veit at barn er på nettaviser og nyheitskanalar, så det er viktig å snakke med dei om det.

Her er hennar råd til korleis du kan snakke med barn om overgrepssaker:

1. Forklar kva som har skjedd

– Barn plukkar opp bitar av nyheitene her og der. Dei får kanskje ikkje med oss nyansane slik vi vaksne gjer. Dei vil sette bitane saman for å lage ei meining, og da kan fantasien bli skumlare enn verkelegheita, seier psykolog Katrin Glatz Brubakk.

Katrin Glatz Brubakk

PSYKOLOGSPESIALIST: Katrin Glatz Brubakk er lektor ved NTNU i Trondheim og psykologspesialist for barn og unge.

Foto: Lars Korsnes / NTNU

Det er viktig å forklare kva som har skjedd, men ein treng ikkje gå i detaljar. Det er viktig å få fram at dette ikkje er noko som skjer med alle barn.

– Du kan seie at dessverre er nokre menneske slemme mot barn, men det skjer ikkje med mange. Og vi vaksne er her for å hjelpe dei.

Det er viktig å ta samtala i ein setting der barnet er klart for å ta til seg informasjonen, fortel psykologen.

2. Ver roleg

Dersom du er opprørt over saka sjølv, bør du vente til du har funne roa før du snakkar med barna.

– Av og til må ein finne orda sjølv som vaksen for å klare å snakke med barna om det. Rådfør deg med andre vaksne, spør kva dei har sagt til sine barn. Det er lurt å hjelpe kvarandre, og halde seg roleg, seier Katrin Glatz Brubakk.

3. Kor store er barna når dei forstår nyheitene?

Det er sannsynleg at barn i skulealder får med seg det som skjer på nyheitene. Også barn i barnehagen kan til ei viss grad forstå at noko skummelt har skjedd, seier Glatz Brubakk.

– Du må vurdere om du trur barna har fått med seg og forstått det som har skjedd. For eksempel om barna endrar åtferd og verkar redde. Og legg merke til om du høyrer kommentarar i barnegruppa og slikt, seier psykologen.

4. Kva har ditt barn fått med seg?

Redaksjonssjef i Supernytt, Frank Sivertsen, er vant til å forklare vanskelege tema for barn.

– Det er viktig å skjønne kor mykje har akkurat ditt barn fått med seg. Når du veit det, kan du prøve å forklare problemet ut ifrå det. Kanskje ikkje barnet ditt har fått med seg noko i dag. Men dei kan likevel få det med seg om nokre dagar, i skulegarden, på vaksen-nyheitene og så vidare, seier Sivertsen.

Han seier det er viktig å hugse på at ikkje alle barn tek dramatiske nyheiter inn over seg. Om dei ikkje blir påverka er det ingen grunn til å tvinge barna til å forstå.

Men kanskje prøver barnet å verke ubekymra fordi dei ikkje vil plage foreldra, Det viktigaste er at du vurderer korleis ditt barn er.

5. Ta praten om nettvett ein gong til

– Denne saka viser kor viktig det er å snakke med barn om nettvett, seier Katrin Glatz Brubakk.

Sjølv om du har tatt praten om nettvett før, kan overgrepssakene på Vestlandet vere ein anledning til å ta opp temaet igjen.

– Du kan snakke med barna om kor viktig det er å ikkje chatte med folk dei ikkje kjenner, møte folk dei har snakka med på nett og vere restriktiv med å legge ut private bilde på nett. Det er ting ein bør lære barn i alle aldrar som er på nett, seier psykologen.

6. Ta barna på alvor!

Vaksne har ansvar for å ta barna på alvor, seier Brubakk ved NTNU. Barn lyg sjeldan om overgrep, og det sit gjerne langt inne å fortelje om det dersom noko har skjedd.

– Set deg ned, høyr kva barna fortel, og bring det vidare til barnevernstenesta, helsesøster eller liknande. Vi skal i alle fall ikkje feie det under teppet. Denne saka viser at overgrep skjer meir enn vi trur, og vi vaksne har eit stort ansvar for å ta barna som fortel på alvor, avsluttar ho.