Hopp til innhold

Ny støtteordning skal gi fleire ladestasjonar

Mangel på ladestasjonar gjer det ikkje heilt enkelt å køyre elbil gjennom fylket. – Skjer det uføresette ting, så er ein litt meir avhengig av å finne ut av ting, seier Bjørn Bratten.

Bjørn Bratten og Kari Hjellum

KØYRDE TOM: Sjølv om Bjørn Bratten (t.v.) har god rekkevidd på elbilen sin har han ein gong opplevd å køyre tom. – Eg rakk ikkje ferje på Møre på kvelden. Då hadde eg for lite straum, og det tek tid å lade når ein står på det offentlege, seier han.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Bergensaren Bjørn Bratten meiner det godt kunne vore fleire ladepunkt langs hovudfartsårene gjennom fjordfylket.

– No har eg litt rekkevidd, så for meg er det ikkje veldig stort problem med litt planlegging, seier han.

Køyrde nesten tom

El-bileigar Bratten og Kari Hjellum tek seg ein pause medan bilen ladar ved inngangen til Lærdalstunnelen i Aurland.

Bratten fortel at han sjølv med stor rekkevidd nokre gonger kan hamne i trøbbel med dagens ladestasjon-nettverk.

– I vinter hadde eg ein rundtur, der eg var nøydd til å køyre heim frå Voss via Lærdalstunnelen, over til Hella og Dragsvik og langs heile nordsida av Sognefjorden til Oppedal-Lavik. Då tynte vi maksrekkevidda. Vi kom oss akkurat inn til Tesla-ladaren på Haukås i Bergen, seier han.

Lagar dekningskart

Ida-Beate Mølmesdal

KLIMAKOORDINATOR: Ida-Beate Mølmesdal seier fylkeskommunen vil legge til rette for at fleire kan bruke elbilar i framtida.

Foto: Matias Helgheim

Gjennom ei ny ordning vil no Sogn og Fjordane fylkeskommune gjere det mogleg å bruke Elbil også på stader der ein i dag ikkje får lada.

Klimakoordinator Ida-Beate Mølmesdal fortel at dei no har skaffa seg oversikt over alle ladestasjonar i fylket. Og at dei ynskjer å byggje ut slik at ein kan lade uansett kvar ein er.

– Tanken er å bruke dei eksisterande ladepunkta og legge inn data for dei punkt som er planlagt etablert. Då kan vi lage eit dekningskart over fylket for å sjå kvar vi har ladestasjonar og kvar vi ikkje er dekka, seier Mølmesdal.

Ynskjer nullutslepp samfunn

Målet til både fylkeskommunen og sentrale styresmakter er at fleire skal gjere som Bjørn Bratten; nytte seg av miljøvennlege transporttilbod som kollektivtransport og elbil.

Hurtigladestasjon ved COOP Førde

LADESTASJON: Til no har fylkeskommunen samarbeidd med Enova om støtteordningar for ladestasjonar.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Tal frå Norsk elbilforeining viser at det framleis er ein god veg å gå. I dag utgjer elbilane kring tre prosent av bilparken. Og salet har gått ned. I fjor utgjorde elbilen 18,4 prosent av nybilsalet, mot 15,1 prosent første halvdel i år.

Transport er ein av dei tinga som fører til mest klimagassutslepp i fylket.

– Nokre må bruke personar for å komme til og frå jobb og barnehage og liknande. Då er tanken å legge til rette for at det som må skje med privatbil, kan skje med elbil. Det er eit grep for å bli eit null-utslepp-samfunn på sikt, seier Mølmesdal.

Full oversikt på nett

Informasjonen som fylkeskommunen har samla inn om ladestasjonane er no gjort tilgjengelege på fylkesatlaset sine nettsider. Her finn ein også oversikt over alle ladestasjonar i heile landet.

Mølmesdal håpar dette kan dempe noko av ei eventuell «rekkeviddefrykt».

– Tanken er at ein der kan gå inn og sjå kvar ladestasjonen er lokalisert og kva type punkt som er der, avsluttar ho.