Hopp til innhold

Her kan du hurtiglada elbilen din i fylket

Salet av elbilar har auka kraftig i Sogn og Fjordane, men framleis er det langt mellom hurtigladestasjonane.

Oversikt over elbil-ladestasjonar i Sogn og Fjordane

– Sogn og Fjordane ligg langt bak i forhold til andre fylke når det gjeld talet på hurtigladestasjonar, seier kommunikasjonsleiar i elbilforeininga, Petter Haugneland.

Totalt er det 148 ladepunkt i fylket, og av desse er 44 hurtigladepunkt som er fordelt utover åtte forskjellige hurtigladestasjonar (sjå kart).

– Bør bli like tilgjengeleg som bensin

Per september 2015 er det registrert 375 reine elbilar i Sogn og Fjordane. Tar ein med ladbare hybridar i reknestykket vert talet 491.

– Om ein samanliknar med Møre og Romsdal har dei nesten 2000 elbilar og mange fleire ladestasjonar, seier Haugneland.

Petter Haugneland

LANGT BAK: Kommunikasjonsleiar i elbilforeininga, Petter Haugneland meiner Sogn og Fjordane ligg langt bak

Foto: Aksel Jermstad / elbil.no

– Kva må til for å få talet opp i Sogn og Fjordane?

– Det må leggjast til rette for det. Vi meiner at det skal vera like enkelt å få lada elbilen, som det er å fylle drivstoff på ein vanleg bil. Det er det ikkje, svarer Haugneland.

Distriktsnyheter Vestlandsrevyen. TV

VIL UNNGÅ AVGIFT: Førdepakken trer i kraft i oktober neste år, og det har ført til ei tredobling i salet av elbilar. Elbilar køyrer gratis gjennom bomstasjonane. Sjå innslag frå Vestlandsrevyen 24.11.2015.

Langs E39 er det bra med ladestasjonar, men om ein skal frå Førde til Voss er det berre ein hurtigladestasjon på Vassenden. Den neste ligg i Aurland. Mellom dei to stasjonane er det om lag 15 mil. Ein standard elbil har ei køyrelengde på 75-150km, avhengig av køyrestil, terreng og temperatur.

Dyrare med hurtiglading

Ein del av grunnen til at elbil-salet har auka i fylket er dei fem bomstasjonane som kjem rundt Førde som ein del av Førdepakken. Med elbil slepp ein avgift.

– Om ein ladar bilen heime, som dei fleste gjer over natta, kostar det berre eit par kroner per mil. Skal ein hurtiglade vert prisen om lag tre gonger høgare, men det er framleis rimelegare per mil enn ein bil som nyttar bensin eller diesel, seier Haugneland.

– Men dei fleste treng ikkje hurtiglading veldig ofte, så kostnaden på elbil per mil er mykje rimelegare enn ein vanleg bil, legg han til.

Haugneland kjem med ei oppmoding til politikarar og næringsliv.

– Skal vi få ned utsleppa våre må det vera politisk velvilje til å få på plass fleire hurtigladestasjonar.