Hopp til innhold

– Det er ikkje så ofte eg er forbanna, men i dag er eg det

– Heilsvart, seier Kjetil Smørås om reglane som gjer at Bergens einaste Michelin-restaurant truleg må stengja. – Skjenkestopp er tydeleg feil medisin, seier restauranteigar Roar Hildonen i Trondheim.

Roar Hildonen

OPPGITT: Restauranteigar Roar Hildonen i Trondheim er svært skuffa over den nasjonale skjenkestoppen.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Tysdag kveld la regjeringa fram nye, inngripande tiltak for heile landet.

Alle blir tilrådd å halde to meter avstand, det blir skjenkestopp og tilråding om maks to gjester i heimen.

Det gjeld også alle område som knapt har smitte, som blant anna Trondheim. Der har det ikkje vore registrert smitte dei siste fem døgna.

– Det er ikkje så ofte eg er forbanna, men i dag er eg det, seier restauranteigar Roar Hildonen i Trondheim.

– Feil medisin

Han peikar på at det har vore skjenkestopp i Oslo i snart fem månader og det syner at det tiltaket ikkje verkar.

– Så det er tydeleg feil medisin i dei områda der det ikkje ein gong er smitte, seier Hildonen.

Kommunedirektør i Trondheim, Morten Wolden, er overraska over at kommunane ikkje får meir lokalt handlingsrom, til dømes når det gjeld den nasjonale skjenkestoppen som no blir innført over heile landet.

– Når det er sagt vil trønderar følgja dei nasjonale retningslinjene. Det er difor me er der vi er i dag, seier Wolden.

Ei av bedriftene som blir hardt råka av dei nye tiltaka er ærverdige Britannia Hotel i Trondheim. Dei stenger dørene 25. mars og har ikkje planlagt å opne igjen før 14. april

Direktør Mikael Forselius seier til NRK at han er forbanna og frustrert og at dette råkar hotellet sine 300 tilsette.

– Kjempetøft, seier han.

Thomas Vingen Vedeld

FRYKTAR MEIR SMITTE: Smittevernlege i Stad, Thomas Vingen Vedeld, har vore nøydd til å stenge skular, også i dei minste bygdene.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Glad for nye tiltak

Men medan Trondheim har null nye smitta, er situasjonen ein heilt annan andre stadar i landet.

I den spreiddbudde kommunen Stad i Nordfjord har kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld opplevd at smitten har hatt ein eksplosiv auke dei siste dagane.

– Vi må få ned smitten. Tiltaka er inngripande for til dømes næringslivet, men dette er tiltak som er velkomne for å få slått ned vårt utbrot og smitten elles, seier Vedeld til NRK.

Tala syner at 94 av 9400 innbyggjarar i Stad har blitt smitta dei siste to vekene. Det gjer kommunen til ein av dei raudaste i landet.

Tommy Åsheim eier og driver restaurant Laaven i Trysil

SKUFFA: Tommy Åsheim driv restaurant i Trysil. No fryktar han at dei nye tiltaka vil ta knekken på næringa.

Foto: Stein S Eide / NRK

– Russisk rulett

I Trysil i Innlandet ventar dei no på påsketuristane som kanskje aldri kjem.

Tommy Åsheim er dagleg leiar for restauranten Låven, og ser mørkt på vekene framover. Han trudde at dei skulle få halde fram med å drive slik dei har gjort no med bra smittevern.

– Det myndigheitene gjer no er vel å seie at vi berre skal stenge ned. Det er jo knapt grunnlag med for drift på ein tometersregel og skjenkestopp, seier Åsheim.

Han meiner regjeringa driv russisk rulett med både bedriftene og dei tilsette.

Kjetil Smørås, adm. direktør i De Bergenske hoteller

FRYKTAR: Kjetil Smørås i Bergen krev no betra støttepakkar til reiseliv- og utelivsnæringane.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Råkar arbeidsplassane

Også andre stadar er det sterke reaksjonar på regjeringa sin skjenkestopp.

Kjetil Smørås er direktør for seks hotell og tretten restaurantar i Bergen. Han fryktar for framtida for heile bransjen.

– Dette synest vi er heilsvart. Det råkar arbeidsplassane og arbeidsgjevarane, seier Smørås.

Han trur no den einaste Michelin-restauranten i Bergen, Bare, må stengja ned. Den har nesten ikkje vore stengt under pandemien.

– Det ser dessverre ut til at det kan få kjedelege konsekvensar for ei rekke arbeidstakarar, seier Smørås.

Heilt nord i landet er Marius Heitman dagleg leiar for Fresh Café og Bar i Hammerfest. Han er rett og slett forbanna på skjenkestoppen.

– Med tanke på smittesituasjonen her i nord, så er det heilt på trynet at folk ikkje kan ta deg noko godt å drikke til maten, slår Heitman fast.

Regiondirektør Målfrid Baik i NHO Arktis meiner dei nye tiltaka vil gjere det umogleg for fleire bedrifter i Troms og Finnmark å behalde drifta.

– Eg får ein stor klump i magen på vegne av reiselivet og utelivsbransjen. I praksis vil dei nye tiltaka bety kroken på døra for mange, seier Baik.

Tone Eide, daglig leder Arena Treningssenter

UROA: Tone Eide er dagleg leiar i Arena, som har treningssenter i kommunane Stavanger og Klepp.

Foto: Mats Haugland / NRK

– Uvissa er det verste

I den nye tiltakspakken frå regjeringa ligg det og innstrammingar på andre felt.

Treningssenter blir òg stengde, men kan ha ope for innbyggjarane i kommunen, rehabilitering og individuell behandling.

– Vi kjem til å stengje medlemskap på postnummer. Det er sjølvsagt trist, då vi har fleire medlemmer på sentera våre som bur i andre kommunar, seier Tone Eide.

Ho er dagleg leiar for Arena Treningssenter i Rogaland, som totalt har mista nærare 20 prosent av medlemsmassen under koronakrisa.

– Uvissa er det verste. Medlemskap blir frose, og vi fryktar no at fleire skal seie opp medlemskapane sine, seier Eide.

På Hvaler ventar dei også på folk som kjem heim til påske, men ikkje minst på alle som dei har øyene som sitt ferieparadis. No må kommunen vurdere om dei skal stenge gjestehamnene.

– Det som bekymrar oss no er at vi blir veldig mange. Innbyggartalet vil tredoblast og med det nye muterte viruset er vi veldig bekymra, seier ordførar Mona Vauger.

Kommunedirektør i Trondheim, Morten Wolden.

VIL VERE LOJAL: Kommunedirektør i Trondheim, Morten Wolden, forsikrar at dei vil rette seg etter dei nye, nasjonale retningslinjene.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / NRK

Fryktar for påska

Tilbake i Trondheim meiner kommunedirektør Morten Wolden at dei har lukkast å halde smitten nede med intensivt arbeid.

– Vi har eit fantastisk smittesporingsteam, me har jobba aktivt med TISK-strategien og testa mange, og vi har etablert ei gruppe med eks-politifolk som finn dei som er i uforsvarleg karantene.

– Det snudde fort for Trøndelag i desember med mykje smitte, kan det same skje i påsken?

– Ja, det kan skje når som helst. Me ser jo kva som har skjedd på Askøy og andre stadar. Det er viktig at folk følgjer smittevernreglane og avgrensar talet sosiale kontaktar, seier Wolden.