Hopp til innhold

Slik hyllar kunstnaren krigsveteranen Nora (99)

Vebjørn Sand har i fleire år prøvd å fange norske krigshistorier med måling og pensel. Nora Hauge (99) er av dei som er blitt portrettert.

Vebjørn Sand og

PORTRETT: Vebjørn Sand viser fram portrettet til krigsveteranen Nora Hauge.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– No må du vere snill med meg. Eg har prøvd å yte deg rettferd ut frå eit lite bilete, seier kunstnar Vebjørn Sand.

Han viser Nora Hauge (99) kva han har jobba med dei siste vekene; eit portrett av krigsveteranen frå Austrheim i Nordhordland.

– Eg ser nokre av trekka dine att no. Sjå på haka, den er lik som no, meiner kunstnaren.

– Ja, eg ser det. Det var eit fint bilete! Eg er nøgd, smiler Hauge.

Nora Hauge og Vebjørn Sand

NØGD: Nora Hauge møter kunstnaren som har portrettert ho for første gong.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Viktig å fortelje

Ho ber med seg ein viktig del av norsk krigshistorie. Om då øyene i Austrheim var i krig, med spionasje og shuttletrafikk til Shetland.

I portrettet er Hauge måla som 23-åring, i uniform, klar til kamp for Noreg.

– Det er viktig å fortelje denne historia. Snart er det ingen att som har opplevd det sjølv. Då er det lett å gløyme, seier 99-åringen.

Vebjørn Sand har lenge vore på leit etter krigsheltar. I fleire år har han løfta fram historier frå krigsåra, og skapt kunstinstallasjonen Roseslottet i Holmenkollen i Oslo.

Og han har møtt dei som framleis kan fortelje om sine opplevingar. For målaren er det viktig å forstå kven dei han portretterer verkeleg er.

Det første møtet

Denne aprildagen er han heilt ytst på kysten av Nordhordland. Bak i bilen har han fleire store portrett av vestlandske motstandsfolk.

Det er første gong kunstnaren og krigshelten møter kvarandre. Men Vebjørn Sand har prøvd å bli kjend med Nora Hauge lenge.

– Eg føler eg har levd med deg dag og natt. Eg hadde jo berre eit par gamle bilete, men eg har prøvd å forstå kven du er.

Dei to sit utanfor huset til Nora Hauge. Ei notatblokk kjem opp. Med blyanten skisser Sand andletet til 99-åringen som for over sju tiår sidan forlét denne staden med hastverk.

Og utan å vite om ho nokon gong skulle komme attende.

Vebjørn Sand og Nora Hauge

Nora Hauge og Vebjørn Sand meiner det er viktig å få fortald historiene frå krigen i Noreg.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Flykta frå alt

Huset er det same, men kontrasten er stor frå krigsåra.

På naboøya Selsøya hadde motstandsrørsla ein lyttepost under krigen. Her følgde dei skipstrafikken nord for Bergen, og rapporterte til England.

Hauge var mellom dei som skjulte operatørane.

– Heile familien var involverte. Vi skjulte ein agent, og somme gongar to. Det er klart vi forstod at det er farleg, fortel ho.

Lille julaftan 1944 fekk dei vite at ein motstandsmann var teken til fange av tyskarane. Ein som visste alt.

Då forstod dei at dei måtte rømme. På andre sida av fjorden venta shetlandsgjengen med ubåtjagaren Hitra.

Dei senka sin eigen båt, og sette kursen over havet.

– Vi berre reiste frå alt vi eigde. Eg hugsar at eg sat heile vegen til Shetland med ein av tanteungane på fanget. Eg prøvde å trøyste. Alle var så sjøsjuke, minnast Hauge.

Då ho kom til Storbritannia, meldte ho seg til militærteneste.

Stiller ut krigsheltar

Vebjørn Sand har portrettert fleire vestlandske krigsheltar, mellom dei Harald Sæverud og Arnulf Øverland. Og no altså Nora Hauge.

99-åringen meiner det er finfolk ho no kjem på utstilling med.

No skal måleria først stillast ut på Kjelstraumen vertshus i Austrheim, før dei får ein meir permanent plassering på Roseslottet i Oslo

– Det er så viktig at vi ikkje gløymer historier som dette. Eg håper desse måleria kan minne folk på dei verdiane som Nora Hauge kjempa for: demokrati og fridom.

krigsveteran Nora malt av Vebjørn Sand

KLAR TIL KAMP: Måleriet av Nora Hauge, der ho er kledd i uniform.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK