Hopp til innhold

Slik flørtar dei med veljarane

Eit friskt pust, eller berre dumt? Korleis fungerer eigentleg dei kreative påfunna til politikarar på jakt etter stemmer?

Knut Arild Hareide, Vibeke Johnsen og Jens Stoltenberg har alle vore med på diverse stunt i valkampe

FUNKAR DET? Knut Arild Hareide, Vibeke Johnsen og Jens Stoltenberg har alle vore med på diverse stunt i årets valkamp.

Foto: Montasje: NRK

Gråvêr og regn stoggar ikkje SV sin stortingskandidat i Sogn og Fjordane. På sin rundtur rundt til kommunane i fylket er det ein ting ho må ha med – badedrakta.

Vibeke Johnsen har nemleg sett seg som mål å bade seg gjennom dei 26 kommunane i fjordfylket.

– Det har vore både regn, sludd og det har vore is på vatnet, fortel ho medan ho kler av seg for å legge på sum i Dalsfjorden i Gaular.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Valkampen er full av kreative påfunn frå politikarane som skal sanke stemmer. 
KrF finger-strikkar, Stoltenberg køyrer drosje og Vibeke Johnsen badar i alle fjordane i Sogn og Fjordane i protest mot fjordeponi.

VELJARFLØRT: SV sin stortingskandidat i Sogn og Fjordane har sett seg som mål å bade i alle kommunane i fylket i løpet av valkampen.

Statsministeren bak rattet

Badestuntet til SV-politikaren er berre eitt i rekka av mange påfunn i årets valkamp. Dei aller fleste har truleg fått med seg statsminister Jens Stoltenberg sitt drosjestunt.

Mange passasjerar gjorde store auge då dei fekk sjølvaste statsministeren formann rattet i Oslo sine gater i sommar. Seinare har det vist seg at fleire av dei var plukka ut gjennom ei castingrunde på førehand.

Sjølv har Ap-politikaren sagt at det er viktig for han å møte folk for å høyre kva dei meiner. Uansett, stuntet har fått internasjonal merksemd.

Jens Stoltenberg kjører drosje i Oslo

VERDA RUNDT: Videoen av den norske statsministeren som drosjesjåfør har gått verda rundt.

Foto: NTB SCANPIX / Reuters

Sette verdsrekord med kjempenøste

Også Kristeleg Folkeparti satsar på å nå ut til veljarane med eit spesielt stunt. Då dei starta valkampen i Sogn og Fjordane i går rulla dei ut eit gigantisk gult kjempenøste for å vise at partiet satsar på vegar med gul midtstripe.

Og med det gule nøstet sette dei verdsrekord i fingerstrikking.

– Vil setje fokus på kampsaka mi

SV-politikar Vibeke Johnsen seier badestuntet hennar heng naturleg saman med kampsaka hennar.

– Dette gjer eg for å setje fokus på kampsaka mi, som er reint hav og rein fjord, seier Johnsen til NRK.no.

– Eg vil ha eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, og eg vil ha ein deponifri Førdefjord.

Sjølv om også ho har merka seg at fleire andre også har brukt fantasien for å kome med spanande stunt, er ikkje hennar stunt noko som er kome i det siste.

– Eg begynte denne baderunden i januar, så dette er ikkje noko nytt stunt vi har kome på etter at meiningsmålingane ikkje har vore dei beste, seier ho.

– Rett og slett dumt

Men kva synst så veljarane om dei mange påfunna? Dei NRK snakka med var usamde.

– Eg blir ikkje på verka, seier ei dame.

Ei anna er kvassare.

– Eg synest det er rett og slett dumt, seier den eldre dama.

– Eit friskt pust i valkampen som ofte er grå og kjedeleg, seier ein herremann.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trude Brosvik og Knut Arild Hareide

VERDSREKORD: Trude Brosvik og Knut Arild Hareide rulla ut eit kjempenøste og sette med det verdsrekord då dei starta årets valkamp i Sogn og Fjordane.

Foto: Elias Engevik

– Det nye «banke på døra» trikset

Dei mange påfunna til politikarane får også mykje merksemd i sosiale medium. Høgskulelektor og forfattar Tarjei Heggernes seier dette også er målet for dei som står bak.

– Dei gjer dette for å få merksemd i media, og gjerne nå ut i sosiale medium som er det nye folkesnakket. Dette er det nye banke på dørene trikset til politikarane, seier han.

– Kvifor slår det an på sosiale medium?

– Det som blir delt på sosiale medium er gjerne det som er litt oppsiktsvekkjande, og kanskje det er litt morosamt. Det kan vere gøy og dele det, og vise at du er den første som har sett det og som har følgt med på det, seier Heggernes.

– Stort sett dei raudgrøne

Han har også merka seg at det er spesielt nokre parti som nyttar seg av desse verkemidla.

– Det er stor sett dei raudgrøne paria som har gått litt ned på meiningsmålingane som tyr til desse tiltaka for å kome seg inn igjen i mediebiletet og mobilisere veljarane, seier Heggernes.

Når dei unge

Rådgjevar i kommunikasjonsbedrifta I & M, Ann-Elin Havnegjerde Olsvik, seier til NRK at sosiale medium er spesielt viktige for å kapre førstegongsveljarane.

– Det har ikkje vore gjort eit godt nok arbeid for å sikre seg førstegongsveljarar. Politikarane har alltid delt ut roser og flygeblad og stått på stand. Det skjer aldri noko nytt – folk bryr seg ikkje om å lese det, seier ho til NRK.no.

– Kjappe innspel eller synspunkt eller omgjengelege opplevingar i sosiale medium, blant anna til ungdom som brukar sosiale medium, trur eg vil verke mykje bere, seier ho.