Hopp til innhold

Ho skal bade seg gjennom fylket

Badedrakta til Vibeke Johnsen (SV) skal brukast flittig fram mot stortingsvalet.

Vibeke Johnsen i badedrakt

KALDT: Førstekandidat Vibeke Johnsen for SV har akkurat kasta seg ut i bølgjene på Refviksanden i Vågsøy. Det er ei kald affære.

Foto: Privat

Det er vanleg at stortingskandidatane reiser til alle fylkets kommunar i forkant av stortingsval. Like vanleg er det ikkje at politikarane pakkar med seg badedrakta på desse turane.

Men det gjer Vibeke Johnsen som i februar fekk førsteplassen på stortingsvallista for Sosialistisk Venstreparti.

Ho har sett seg som mål å bade i alle kommunane i fylket og står bak eit av dei sprekaste påfunna i valkampen.

– Eg pleier ikkje ha nyttårsforsett, men i janur skreiv eg på Facebook-sida mi at eg lova å bade alle dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane, fortel ho.

Marknadsfører hjartesakene

Vibeke Johnsen

GRUAR SEG IKKJE: Vibeke Johnsen er heilårsbadar og kvir seg ikkje for bading i alle kommunane fram til valet.

Foto: Anna Gytri / NRK

Dette var eit signal om at ho stilte seg til disposisjon som SV sin førstekandidat på stortingsvallista.

– Det var ein måte å signalisere til heile fylket at eg var klar og hadde lyst. Det er også ein fin måte å marknadsføre hjartesaka vår som er miljø ved å bade i fjord, hav og elv, seier ho.

Kulde, steinete underlag, tang og tare stoppar ikkje den ivrige dama. Ho er ein erfarne badar og reknar med at det skal gå heilt fint å bade i alle kommunane fram til valet.

– Eg er heilårsbadar. I går var eg på Refviksanden i Vågsøy med ein gjeng frå partiet. Det var ei flott strand og ikkje steinete. Det var rett nok litt kaldt, men utruleg vakkert og fritt.

om utjamningsmandatet

Johnson kjempar for miljøet og tykkjer det er viktig å ha fokus på reint hav og rein fjord.

– Ikkje minst er det viktig med ein deponifri laksefjord i Vevring, seier ho.

– SV treng røyster, ikkje minst føre dette stortingsvalet. Trur du det blir røyster på deg etter badinga?

– Det at eg reiser rundt, gir meg ei moglegheit til å bli kjent med folk på ulike stader. Fjerdemandatet er eit utjamningsmandat og kan gå til kven som helst av oss som kjempar om det, seier ho.

Brukar Facebook og Twitter for å samle folk

Partiet har ikkje noko stort budsjett, så badinga blir ikkje akkurat promotert i lokalavisene. Johnsen satsar på flittig bruk av sosiale medium.

– Det er nokre stader det er ekstra viktig å ha mykje folk med seg. I Naustdal og Vevring er det til dømes viktig å få vist fram den motstanden som er når det gjeld å dumpe slam frå rutilutvinning i ein nasjonal laksefjord. Det skal vi vise at vi er mange som er imot.

Men det er ikkje berre dei store miljøsakene som opptek Vibeke Johnsen. Ho tykkjer også det er viktig å ha gode badeplassar tilgjengeleg i eit folkehelseperspektiv.

– Det er viktig at folk er aktive og ungar må ha tilgang på gode og innbydande badeplassar. Det innbyr til leik i vatnet og er ein aktivitet som ikkje kostar noko.

Trur ikkje ho blir sjuk

Ho er ikkje heilt sikker på kvar neste bading blir, men ho skal snart på tur til Vik.

– Kanskje neste bad blir på Vangsnes.

– Du er ikkje redd for å bli sjuk av all bading i kaldt vatn?

– Heilårsbading har eg skikkeleg trua på og det er veldig bra for helsa. Med ull og varm te etterpå, går dette skikkeleg bra, ler ho.