Hopp til innhold

Slår alarm om smittefarlege hundar

Importerte laushundar frå Romania kan overføre farlege sjukedomar til både dyr og menneske. Om lag 200 laushundar frå Romania har kome til Noreg og fleire er no i Sogn og Fjordane.

En løshund ser ut av buret sitt i Bucuresti

IMPORTERT: Laushundar frå Romania, som denne, kan vera smittebomber når dei blir importert til Noreg.

Foto: BOGDAN CRISTEL / Reuters

Mirjam Tønnesen

ÅTVARAR: Mirjam Tønnesen i Mattilsynet.

Foto: MMS-foto/Bård Siem / NRK

– Desse hundane kjem til Noreg med ukjend smittestatus. Me er veldig redde for å få inn sjukdommar som me ikkje har i Noreg frå før, seier Mirjam Tønnesen i Mattilsynet.

Rabies og bendelorm

Etter at regelverket for import av hundar vart lempa på frå årsskiftet, har det kome masse laushundar, spesielt frå Romania, til Noreg.

Nyleg vart parasitten tungeorm oppdaga for første gong i Noreg på ein gatehund frå Romania. Tungeorm kan smitte frå dyr til menneske, og kirurgisk inngrep må til for å fjerne ormen.

Tungeorm er ikkje farleg for menneske, men andre smittsame sjukdomar som hundane i verste fall har med seg, er farleg for menneske, seier Tønnesen.

– Me har to sjukdommar me er spesielt redde for. Den eine er rabies, og den andre er «revens lille bendelorm».

Dårlege passkopiar

Tønnesen fortel at det har vore oppdaga falske papir og at informasjonen i dokumentasjonspapira frå veterinærar ikkje har vore korrekt.

– Me har fått kopiar av ein del pass som hundane har komme med, der det som står i passa stemmer dårleg med at ein veterinær skulle ha skrive det.

Meiner mattilsynet overreagerer

Dyrevernar Jenny Rolness frå Florø har sjølv to gatahundar frå Romania, og ventar på ytterlegare to gatehundar. Ho avviser at gatehundane er så smittefarlege som Mattilsynet vil ha det til.

– Eg syns fokuset frå mattilsynet har vore overdrive, seier Rolness.

Trass i klare åtvaringar frå Mattilsyent, oppmodar Rolness folk til å ta imot gatehundar frå Romania.

– Men du er ikkje redd for at hundane kan bera med seg farleg smitte?

– Nei, og eg kjem ikkje til å vera redd for det i framtida heller.