Hopp til innhold

Supporter-sjefen skuffa over Solskjær

Leiaren for Cardiff-supporterane i Norge, Anders Sigdestad, meiner det var heilt rett av Ole Gunnar Solskjær å trekkje seg frå managerjobben.

Anders Sigdestad

MISTA TRUA: Anders Sigdestad er leiar for Cardiff-supporterane i Norge. Han hadde trua på Solskjær, men meiner det var rett at han no må gå.

Foto: Privat

Sigdestad, som bur i Viksdalen i Gaular, hadde stor tru på Solskjær då han overtok som Cardiff-manager for om lag åtte månader sidan. Men resultata har ikkje kome, og no ligg Cardiff på ein utrygg 17. plass i Championship.

– Det måtte jo kome, resultata har jo ikkje akkurat vore dei beste. Det har heller ikkje vore nokon utvikling spelet heller, det har gått veldig dårleg. Han har gjort ein del merkelege val, blant anna ved å ta ut den beste spelaren når dei ligg under og slikt, seier Sigdestad til NRK.

Sigdestad har vore svoren Cardiff-supporter sidan han spelte Championship Manager på slutten av 90-talet, og då vann alltid laget frå Wales. Men ute i den verkelege verda er det alt anna enn sigrar som har prega walisarane dei siste månadane.

Solskjær

MÅ GÅ: Ole Gunnar Solskjær er ferdig som manager i Cardiff.

– Eg hadde god tru, og eg håpa at han var den norske trenaren som kom til å gjere det bra i utlandet. Men det har jo slege heilt feil. Det har blitt for masse rotering på laget. Det har vore frustrerande at det ikkje har gått så bra. Det er nesten ein forbanning over norske trenarar i England, det er ingenting som har fungert for dei norske, seier Sigdestad.

Stoke Pullis Out Soccer

AKTUELL: Tony Pullis er ein av fleire aktuelle kandidatar til å overta Cardiff.

Foto: Jon Super / Ap

No vonar han at det er Crystal Palace-manager Tony Pullis som kjem inn frå sidelinja for å overta eit skadeskote Cardiff.

– Eg håpar på Pullis, han har tidlegare uttalt at det er to walisiske lag han kunne tenkt seg å trene, og det er Wales sitt landslag og Cardiff. Så sa han for eit par dagar sidan at han var interessert i å ta over Cardiff. Men det spørst om eigaren har lyst å ha han.