Hopp til innhold

Mange ungdomar vel laussnøen - men ikkje alle gjer det trygt

– Mange som ferdast på fjellet og køyrer i laussnøen i bratte fjellsider har ikkje den kunnskapen som trengst til å vurdera om det er trygt eller ikkje, seier Sigve Opedal.

Skredkurs, kurshaldar forklarar skredsøkar
Foto: Sondre Dalaker / NRK

på skredkurs

FØRSTE: Det er det første skredkurset til 31-åringen frå Haugesund.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Opedal er ein av kursdeltakarane på Fjellsportfestivalen sitt skredkurs spesielt retta mot ungdom og dei som ikkje kan so mykje om skred og skredfare.

– Eg ferdast ein del på fjellet, men manglar kunnskap om når det er skredfarleg, om kvar eg kan gå for å vera sikker på at det ikkje går skred og slike ting, seier Opedal.

31-åringen frå Haugesund er ein ivrig topptrakkar, men han kan ikkje veldig mykje om skred. Slik trur han situasjonen er hjå litt for mange.

– Eg trur det er mange som ikkje veit so mykje so dei burde vite før dei legg ut på tur. Det må nok absolutt gjerast ein innsats for at folk skal få nok kunnskap.

– Tenkjer ikkje på farane

Skikøyring i laussnø er blitt den nye folkesporten for dei skiglade, og fleire og fleire leitar etter den uberørte pudderaktige snøen i bratte fjellsider. Skitrekka har gjort nye område lettare tilgjengeleg for frikøyring.

Men turen i dei bratte fjellsidene kan gå frå himmel til helvete på få sekund.

(Artikkelen held fram under biletet)

skredsøkar

SKREDSØKAR: Denne vesle dingsen kan vere skilnaden på liv eller død om du blir teken av eit snøskred.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Vinteren 2010/2011 var den verste skredvinteren sidan 1986, med 13 omkomne.

Per Magne Bakke

KURSHALDAR: Per Magne Bakke

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er mange ungdom som er på tur utanfor løypene, og det er kanskje ikkje alle som er like bevisste på farane i terrenget, seier Per Magne Bakke.

Bakke er ein av to kurshaldarar som held skredkurs for nybyrjarar på Fjellsportfestivalen i Sogndal, spesielt mynda på ungdom.

Betre føre var

– Kunnskapsnivået til ungdom som driv med toppturar og laussnøkøyring er ganske varierande, og det kan bli farlege situasjonar når dei ikkje veit kva dei driv med, seier den andre kurshaldaren, Marit Svarstad Andresen.

Marit Svarstad Andresen

KURSHALDAR: Marit Svarstad Andresen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

På todagarskurset i Hodlekve får deltakarane prøvd seg på litt søking med skredsøkar, men det blir mest førebyggjande arbeid.

– Fokuset er å sjå på snøforholda og å kjenna att skredfarleg terreng for å unngå å bli tatt av skred, seier Svarstad Andresen.

– Ekkelt

– Det er litt ekkelt å vera på tur utan å vita so mykje om skredfaren og slike ting. Ein føler seg ikkje alltid like trygg på topptur når ein ikkje har den kunnskapen ein treng, seier Cecilie Ness

Ho og venninna Anne Sigrid Hundere, er dei to einaste jentene blant dagens elleve kursdeltakarar.

(Artikkelen held fram under biletet)

På skredkurs

IVRIGE TOPPTURJENTER: Cecilie Ness (t.v.) og Anne Sigrid Hundere.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det blir ein del toppturar, so no er det på tide å læra meir om skredfare, korleis vurdera om det er trygt å gå der og kva ein skal sjå etter i naturen for å avsløra om den kan rasa ut, seier Ness.

Ho trur ikkje ho er åleine om å kunna for lite om temaet før ein legg ut på tur.

– Det er nok fleire enn meg som ikkje kan so mykje, sjølv om det er mange av dei som kan litt også.