Hopp til innhold

Ber folk styre unna farlege områder

Vinterferieveka som mange går inn blir prega av stor snøskredfare i fjellet. Skisentera ber folk om å halde seg unna dei mest skredutsette områda.

Bilete frå rasområdet viser at mange køyrde utanfor oppmerkt løype ved Harpefossen.

IKKJE GJER DETTE: Det er stor rasfare fleire stader, og skisentera ber folk om å halde seg unna dei mest rastutsette områda. Bileta er frå rasområdet ved Harpefossen skisenter. Her køyrde mange utanfor oppmerkt løype.

Foto: Øystein Torheim

– Vi har to område som vi har vurdert som spesielt utsette for skred. Dei har vi merka med skredfareskilt og stikker, og vi ber innstendig om at folk held seg unna. Spesielt desse dagane vi går inn i no, seier Stig Tveit ved Jølster skisenter i Sogn og Fjordane.

Snøskredfaren er no stor i heile landet, og vanskelege vêrforhold gjer at faren er aukande. Skredfaren er størst i vestlege fjelltrakter i Sør-Norge og i fjellområda langs kysten av Nordland.

Seinast i helga vart det sett i gang fleire søk etter moglege sakna personar etter skred ved skianlegg.

I Tromsø omkom to menn etter ei rasulukke på Kvaløya.

– Skiløparane vil sjølv løyse ut skreda

Uroleg vêr, men kuling og nedbør, spesielt i vestlege fjelltrakter i Sør-Norge er dårleg nytt for dei skiglade. Norges Geotekniske Institutt (NGI) varslar at skredfaren vil auke kraftig på grunn av vêret.

Samtidig som svært mange går ut i vinterferie åtvarar NGI om at ingen fjellskråningar i Norge er skredsikre denne veka.

– Slik situasjonen er no, så går det nette naturleg utløyste skred. Det er skiløparane som sjølv utløyser skreda, seier Frode Sandersen ved NGI til NRK.no.

Sandersen ber dei som går i bratt terreng om å vere klar over faren.

– Skred som blir utløyste av skiløparar går vanlegvis når det er skredfare 3, slik det er no. Det vil seie at vêret er nokon lunde og det er mogleg å gå tur ute i fjellet, seier Sandersen.

  • LES OGSÅ:

(Artikkelen held fram under biletet)

To tatt av skred på Kvaløya

SØK: Mannskap frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og fleire redningshundar var med i søket etter dei skredet på Kvaløya i Tromsø laurdag.

Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / Scanpix

– Vanskeleg å vurdere faren

Når skredfaren er moderat eller markert blir snøen svært ustabil, og det kan vere vanskeleg for folk å vurdere forholda, seier Sandersen.

– Det er vanskeleg for ein skiløpar å vurdere akkurat kva terreng som er farleg, så ein er nøydd å ta høgde for at det er mogleg å løyse ut skred når rasfaren er slik den er no.

  • LES OGSÅ:

– Frykta det verste

På Harpefossen skisenter på Nordfjordeid opplevde leiar Bjørn Kjørstad marerittet søndag. Det gjekk eit stort snøskred i øvre del av skisenteret og lenge frykta ein at ein niåring kunne vere teken.

– Vi fekk beskjed om at det hadde gått eit ras, og samtidig var ein ni år gamal gut sakna. Då tenkjer ein det verste. Kanskje hadde han løyst ut eit ras og låg under det, eller kanskje hadde han køyrt seg vekk i skogen og stod fast, seier Kjørstad til NRK.no.

Til alt hell var det ingen personar som var tekne av skredet. Mannskap både frå Røde Kors og skredgruppa deltok i søket i skredet som var kring 150 meter langt og nær 70 meter breitt. Niåringen vart funnen i god behald på ei hytte i nærleiken og hadde ikkje vore området der skredet gjekk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Storaksjon ved Harpefossen.

SAKNA: Ein ni-åring var lenge sakna etter at det hadde gått eit skred ved Harpefossen skisentert. Til alt hell var han ikkje teken av skredet.

Foto: Øystein Torheim

Ber folk vere fornuftige

Ved Jølster skisenteret ventar dei tilsette at det kjem til å gå snøskred i området i løpet av vinterferieveka.

– I forhold til dei to siste åra, så er skredfaren større no. Det har med vêret å gjere, det at det er meldt mykje nedbør og at det er mildt, seier dagleg leiar Stig Tveit.
– Eg ventar at det vil gå ras i dei mest utsette områda.

Og med opne alpinanlegg på dagtid i vinterferien er det kanskje fleire som vil prøve pudderkøyring utanfor oppmerkte løyper. Skisentra informerer om faren og i løypene er det tydeleg merka kva område ein bør halde seg vekke frå.

Dessverre er det ikkje alle som har kunnskap om å ferdast trygt, seier Tveit.

– Folk er stort sett flinke og dei som driv med frikøyring aktivt, dei har som regel god kompetanse om skred og vurdering av skredfare, seier han og legg til:

– Men det er ein risiko for at når dei utfordrar eit område, så kjem det andre og gjer det same. Og då kan det vere at folk som ikkje har så god kunnskap går inn i eit område dei ikkje burde.