Hopp til innhold

No har snøskreda byrja å kome

Meteorologane har åtvara mot dei. Allereie tidleg måndag ettermiddag vart dei første vegane stengde på grunn av snøskred.

Nytt snøskred i Balestrand.

STENGT: Vegen mellom Ulvastad og Menes i Balestrand er på nytt stengd på grunn av snøskred ved Algøya.

Foto: Arnstein Menes

– Rasfaren er absolutt til stades, konkluderer vaktoperatør Jan Erikstad ved Vegmeldingssentralen i Lærdal.

Han har allereie sendt ut ei rekkje meldingar om stengde vegar. Og fleire kan det bli.

– Det er meldt store nedbørsmengder fram til vel midnatt. Og på fjellovergangane skal det bli godt med nedbør til godt ut på morgonkvisten, seier han.

Fleire stengde vegar

Snøskred stengjer så langt Tyin–Årdal, Gudvangen–Bakka og Ulvastad Menes. Ingen av vegane blir opna att i dag.

I tillegg blir fleire vegar nattestengde på grunn av fare for snøskred. Når det gjeld rasutsette Kjøsnesfjorden i Jølster, er det førebels ikkje lagt opp til noko nattestenging.

– Ut på natta ligg alt til rette for meir skred. Det har kome ein del snø kring om i fylket og det blir mykje regn og mildare framover mot midnatt, seier Erikstad.

Ruske i fjella

Når det gjeld fjellovergangane førte uvêr til kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet tidlegare i dag.

Det vart opna for fri ferdsel etter kort tid. Førebels ser det bra ut på Filefjell, men også her skal det bli godt med vind etter kvart.

– Det gjeld for så vidt det same for alle fjellovergangar, at det kan bli både stengt og kolonne på kort varsel, seier Erikstad.

Slik er situasjonen, kl 2100

  • Rv52 Hemsedalsfjellet, kolonnekøyring grunna uvêr
  • Rv13 Vikafjellet, stengt grunna uvêr
  • Fv53 Tyin–Årdal, snøskred - ikkje opna att i dag
  • Fv93 Nautsund - Vadheim, snøskred - ikkje opna att i dag
  • Fv241 Gudvange–Bakka, snøskred - ikkje opna att i dag
  • Fv152 Menes–Ulvastad, snøskred–ikkje opna att i dag
  • Fv 664 Fossebakken - Navelsaker, stengt - fare for søkred
  • Fv724 Briksdal–Olden, nattestengt
  • Fv722 Storesunde–Flo, nattestengt
  • Fv723 Hogrenning–Bødal, nattestengt
  • Fv614 Grov - Stårheim (ved Magnhildskaret), nattestengt
  • Fv92 Fossen - Stordalsstølen, Stengt på grunn av uvêr
  • Fv50 Hol - Aurland, stengt på grunn av uvêr