Sløkker bål i Ullensvang
Det var eit bål som var årsaka til brannmeldinga måndag kveld. Brannmannskap frå Ullensvang og Odda sløkkjer eit bål på Grimo.
Det var eit bål som var årsaka til brannmeldinga måndag kveld. Brannmannskap frå Ullensvang og Odda sløkkjer eit bål på Grimo.
Brannvesenet har rykka ut til ein mogleg brann i terrenget på Grimo i Ullensvang. Ein innringar på motsett side av Hardangerfjorden skal ha observert opne flammar i fjellsida. – Kva som brenn, veit me ikkje. Mannskap frå Grimo stasjon og Odda er sendt ut, seier vaktkommandør Helge Lund ved 110-sentralen i Hordaland. Det regnar i området.
Mannen som er mistenkt for å ha sett fyr på terrenget på Stord i natt, blei arrestert heime. Han var påverka av alkohol, opplyser vakthavande politadvokat Elin Kongestøl i Haugesund. Han er sikta for brot på brann- og eksplosjonsvernlova.
Det brenn framleis på Reigstadfjellet på Osterøy. I natt har i underkant av 20 personar frå brannvesenet og Sivilforsvaret sløkt der brannar har blussa opp. – Folk står på toppen og spylar ned der me ikkje kjem til, seier Håkon Myking ved 110-sentralen.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.