Hopp til innhold

Fryktar varme og tørke: Set inn sju brannhelikopter i beredskap i helga

HAUGEN (NRK): Store styrkar har i kveld jobba knallhardt med å sløkke ein skogbrann på Haugen i Nordfjord. No blir skogbrannberedskapen styrka i heile Sør-Noreg.

Brannhelikopter i aksjon i Nordfjord.

SLØKKER BRANN: To skogbrannhelikopter har fredag vore i sving i Nordfjord for å prøve å sløkke.

Foto: Siri Kolseth / Fjordenes Tidende

  • SISTE: Brannvesenet melder klokka 18.22 at det er kontroll på skogbrannen på Haugen i Nordfjord, og Vest politidistrikt melder at brannen er sløkt.
  • Det vil pågå ettersløkking og vakthald utover kvelden.
  • Brannårsaka er førebels ukjend.
  • Eit område på om lag 150 ganger 150 meter svidd av.

Store delar av landet er på god veg inn i ein periode med høge temperaturar og lite nedbør.

– Dette gir aukande skogbrannfare, og mange stader er det tørrare i bakken og vegetasjonen enn det kan sjå ut som, melder Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) fredag kveld.

Dei har no sett inn i alt sju skogbrannhelikopter i beredskap gjennom helga, frå Trøndelag og sørover.

To av dei er alt i sving med å hjelpe til med sløkkinga av ein skogbrann på Haugen i Stad kommune i Nordfjord.

Vurderer fleire helikopter

– DSB er i fortløpande dialog med Helitrans om eventuell flytting av helikopter til andre stader, og om ytterlegare helikopterberedskap, opplyser direktoratet.

Det siste døgnet har det vore to skog- og lyngbrannar i Sogn og Fjordane, der temperaturen er venta å liggje opp mot 30 plussgrader i helga.

I Nordfjord er alt tilgjengeleg mannskap, Sivilforsvaret og lokale bønder kalla ut for å forsøke å sløkkje skogbrannen som oppstod fredag ettermiddag.

– Sivilforsvaret har nett kome fram til staden og skal assistere brannmannskapa, seier vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø, Benedicte Svardal.

Minner om bålforbod

Politiet melde tidlegare i ettermiddag at det førebels var kontroll på brannen. Det syner seg altså at det ikkje er tilfelle.

– Dette tar faktisk av litt, sa leiar for Alarmsentralen, Terje Brandsøy, til NRK i ettermiddag.

Avdelingsdirektør Johan Marius Ly i DSB åtvarar no på det sterkaste folk mot å bruke open eld i skogsterreng.

Frå 15. april til 15. september er det forbode å tenne opp bål og grill, også eingongsgrillar i eller i nærleiken av skog og utmark.

– Alle blir no oppmoda til å vise ekstra varsemd ved all ferdsel i skog og mark, seier Ly.

Skogbrann på Øvrelid på Haugen i Nordfjord.

BRANN: Skogbrannen starta ved eit hogstfelt på Haugen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Tørt og varmt

I tillegg til dei to helikoptera er tre tankbilar frå brannvesenet på plass i Nordfjord

Tre tankbilar frå Stryn, Eid og Stadlandet er på plass. Det er også to skogbrannhelikopter som dynkar terrenget med vatn.

Brannen starta i eller like ved eit hogstfelt på Øvste Øvrelid og det brenn i eit svært utilgjengeleg område. Arbeidet med å sløkke brannen er ekstra utfordrande for brannfolk i verneutstyr i sommarvarmen. Til slutt lukkast utslitne brannmannskap med å sløkke brannen etter timar med knallhardt arbeid.

Det er svært tørt og varmt i området. Bøndene i området bidreg med gyllevogner lasta med vatn for å hjelpe brannvesenet.

Natt til fredag brann det i terrenget på Vamråk ved Sognefjorden. Også då fekk brannvesenet hjelp av bønder i nærleiken, som sløkte med gyllevogner.

BRATT TERRENG: Det er ulendt og bratt i området der brannen starta.