Hopp til innhold

Skjerpa straff for personar som deler krenkande og private bilete

I dag kjem ei ny lov som skjerpar straffa for personar som deler krenkande bilete av andre, for eksempel nakenbilete. Lova gjeld også dei som vidaresender.

Mobiltelefon, ungdom, smarttelefon, iphone

NY LOV: Den nye endringa i straffeloven gjer to ting. Den gjer det tydelegare kva som faktisk er straffbart. Og to: Den skjerper straffa for brot.

Foto: Anders Fehn / NRK

Personar som deler krenkande eller openbert private bilete, filmar og lydopptak av andre, kan nå straffast med fengsel i inntil to år. Lovendringa trer i kraft i dag.

– Det er bra at det blir strengare, for det er jo ikkje noko moro å bli spreidd bilete av om du ikkje vil, seier Lilly Fossberg (12) til NRK.

Saman med andre skuleborn er ho denne veka med på basecamp Jostedalen.

Heile 40 prosent av barn og unge har opplevd å bli spurt om nakenbilete. Det viser Barn og medium-undersøkinga frå 2020.

I tillegg svarer fire av ti av 13–18-åringar at dei har teke imot nakenbilete frå andre.

Den nye endringa i straffeloven gjer to ting. Den gjer det tydelegare kva som faktisk er straffbart. Og to: Den skjerper straffa for brot.

Kan du dei nye reglane? Ta quizen nedst i saka.

Ungdommer i Sogn

POSITIVE: Ungdommane i Sogn synest det er bra at lovane blir skjerpa. Frå venstre: Nickolas, Emiljus, Kathlen, Lilly og Evy.

Foto: Sondre Dalaker

Trusselen om straff hadde avgrensa effekt

Barneombod Inga Bejer Engh er glad for kva den nye lovreguleringa signaliserer.

– Samtidig er straff i seg sjølv ikkje nok, seier ho

Ho viser til ein sexvideo i Danmark med to femtenåringar som vart delt av meir enn 1000 personar.

– Sjølv under rettssaka vart den framleis delt, som viser at trusselen om straff hadde avgrensa effekt, seier ho.

Den nye loven skil mellom ulike alvorsgradar – for eksempel om delinga av innhaldet er planlagt eller organisert, eller om motivet for delinga er hemn.

Konsekvensane spelar også inn, og kan heve den totale straffa til inntil to års fengsel.

– Deling av slikt innhald er ein stor påkjenning for den som vert ramma. Det er derfor bra at straffa vert skjerpa, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

På oppdrag frå regjeringa jobbar dei med innspel til ein nasjonal strategi for trygg digital oppvekst.

13 prosent i alderen 13–18 år har delt nakenbilete av seg sjølv på nett det siste året, viser tal frå Medietilsynet.

Lovbrytarar utan å vere klar over det

I 2019 besøkte Kripos ungdomsskoleelevar og foreldre i alle landets politidistrikt for å førebyggje det dei kalla eit stort samfunnsproblem: deling av nakenbilete.

Axel Wilhelm Due i Kripos peika på at mange ungdommar gjer seg sjølv til lovbrytarar utan å vere klar over det.

NRK har laga ein quiz i samarbeid med Kripos, der du kan sjekke om du har kontroll på regelverket (sjå under).

Då regjeringa la fram lovforslaget i april, sa justisminister Monica Mæland (H) at regjeringa ønskja å sende ei klar melding.

– Med dette sender vi et tydeleg signal om at dette er alvorleg kriminalitet som er straffbart, sa ho.

Justisminister Monica Mæland (H)

ALVORLEG: Monica Mæland (H) seier regjeringa ønsker å sende et tydeleg signal om at deling av krenkande innhald er alvorleg kriminalitet.

Foto: Berit Roald / NTB

LES OGSÅ: Mindreårig fekk inndrege mobilen etter å ha delt nakenbilde

– Ofte ikkje svart-kvit

Hans Marius Tessem er leiar for tenesta Slettmeg.no.

– Det er fint at lovverket blir gjort tydelegare for å understreke alvoret, seier han.

Han legg til:

– Men det er og viktig at det nye lovverket blir handtert på ein slik måte at vi ikkje får tilfelle av at folk ikkje søker hjelp fordi konsekvensane kan bli store. I mange tilfelle er ikkje disse sakene svart-kvitt med ein som deler og eit offer. I mange tilfelle er desse rollene blanda, og då er det viktig at dei ikkje er redde for å søke hjelp.

1/8 Gjør Tora noe galt?

Tora (16) filmer to venner på 17 år som har sex, og legger filmen ut på sosiale medier.
Filmen blir slettet relativt raskt, men veldig mange har allerede sett den og tatt skjermdumper av filmen.
Hvem gjør noe straffbart?

2/8 Nakenbilde til kjæresten

Kine på 16 år sender et nakenbilde av seg selv til kjæresten sin.
Det blir slutt, og eks-kjæresten sender bildet videre til vennene sine, som igjen deler videre.
Kine har for lengst mistet kontrollen over bildet. Bildet blir lagt ut på et pornografisk nettsted.
Hvem gjør noe straffbart?

3/8 Føflekk på brystet

Anna (15) sender bilde av en ekkel føflekk hun har fått på brystet, til venninna si Trude.
Trude viser bildet til sin mor og spør om råd, uten å fortelle Anna om det.
Hvem gjør noe straffbart?

4/8 Bilde i jentegarderoben

Kristian (15) sniker seg inn i en jentegarderobe på skolen. Han tar bilde av Tiril (13), og sender det til henne.
Tiril blir redd, sletter bildet, og anmelder det til politiet. Kristian nekter for å ha tatt eller sendt bildet.
Kan Kristian straffes?

5/8 Nakenbilde på fest

Truls (16) får tilsendt nakenbilde av Rikke (13) mens han er på fest. Han viser det til kameratene sine.
Gjør Truls noe straffbart?

6/8 Sex på fest

Herman (16) er på fest for første gang. Der ser han to venner på sin egen alder ha sex. Han tar opp mobilen, og begynner å filme.
Han sender filmen til sin kompis Kim, som igjen viser den til sin mor for å få råd om hva han bør gjøre.
Hvem gjør noe straffbart?

7/8 "Dickpics"

Jenny (14) får tilsendt et bilde av Tony (16) som viser hans erigerte penis. Dagen etter viser hun det til to klassevenninner.
Den ene venninna spør om å få tilsendt bildet, men Jenny får dårlig samvittighet og vil ikke gi det videre.
Hvem gjør noe straffbart?

8/8 Byttehandel

Aksel (15) tar et nakenbilde av seg selv. Han er fornøyd med bildet, og spør en eldre venninne, Erle (18), om hun vil ha det i bytte mot en pakke med sigaretter. Hun godtar byttehandelen.
Kan noe av dette være straffbart?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.