– Det med å sende ting til andre folk, nudes, fyllebilete eller slåstkampar, er blitt ein trend. Mange synest det er spennande, og få ser konsekvensane av det, seier 17-åringen Muskan Singh.
I samband med Safer Internet Day tysdag 11. februar presenterer Medietilsynet ferske funn frå Barn og medium-undersøkinga 2020.
Undersøkinga viser at 43 prosent av norsk ungdom mellom 13-18 år har følgd diskusjonar om, eller sett skadeleg eller valdeleg innhald på nett det siste året. Like mange har sett hatmeldingar som angrip enkeltpersonar eller bestemte grupper.
– Dette meiner vi er alarmerande funn. I tillegg er det viktig informasjon å ha for å snakke med barn om desse tinga på ein god måte, seier leiar i Medietilsynet, Mari Velsand.
– Blir fort spreidd
Muskan Singh og venninnene brukar ofte Instagram og Snapchat for å kommunisere med kvarandre. Gjennom desse kanalane opplever dei å få tilsendt videoar dei helst ikkje vil sjå.
– Det er veldig mykje som blir spreidd. Alt mogleg du vil sjå finst på sosiale medium, seier Emma Filippa Skjærbakk.
Medietilsynets funn syner òg at tre av ti mellom 13 til 18 år sett innhald, eller diskusjonar på nett der folk snakkar om eller viser måtar å vere svært tynn på. Tre av ti har òg sett innhald som viser måtar å skade seg sjølv på.
Trass i at jentene frå Gjøvik sjølve ikkje oppsøker denne type innhald, så er det veldig lett at det dukkar opp likevel – på grunn av algoritmar.
– Vi veit jo at det ligg der. Når du søker opp sider som handlar om trening og fitness, kjem jo alt det som likner på det, seier Skjærbakk.
Nettinnhald kan trigge til sjølvskading
Psykolog Hedwig Montgomery er ikkje overraska over funna.
– Ungdom har alltid oppsøkt sterkare innhald enn foreldregenerasjonen. Kombinert med dei moglegheitene som finst no så er dette nesten som det må vere.
Montgomery fortel at ungdomsfasen består av mykje usikkerheit om kven ein er, og korleis finne sin plass i verda.
Då er det lett å finne meiningar og handlingar som dei aller fleste synest er "too much", men som kan vere skadeleg for dei få som slit frå før.
– For dei få som er fastklemt i mørke tankar frå før kan desse sidene vere svært skadelege, og kan trigge både sjølvskading og spiseforstyrring, seier Montgomery.
– Interesserte foreldre den beste motgifta
Montgomery vil oppfordre foreldrene til å bry seg meir om ungdommen sin, og unngå å vere fordømmande.
– Det er rett og slett interesse og kontakt som er den beste motgifta for radikalisering av alle slag.
Jentetrioen frå Gjøvik vidaregåande skule er einige.
– Mange barn og unge blir nok skremte av det og det kan vere lurt å ta det opp både heime og på skulen, både tidlegare og i større grad enn det blir gjort no.