Hopp til innhold

Mindreårig fekk inndrege mobilen etter å ha delt nakenbilde

Mindreårige kan bli fråtekne mobil om dei deler seksualiserte bilde av andre mindreårige, ifølge ein ny dom. Statsadvokaten håper det skal få unge til å tenke seg om.

Mobiltelefon, ungdom, smarttelefon, iphone

Borgarting lagmannsrett meiner inndraging av mobilen til mindreårige som deler nakenbilde av andre mindreårige kan vere eit allmennpreventivt verkemiddel.

Foto: Anders Fehn / NRK

Bakgrunnen for saka var at ein mindreårig gut i fjor haust fekk tilsendt eit privat bilde av ei jamaldra jente. Guten fekk bildet frå nokon i omgangskrinsen.

Guten lagra og delte bildet med to kameratar. Han tok også kontakt med jenta, som bad han slette det. Då kravde han pengar av henne. Jenta betalte til slutt ein mindre sum for å få bildet sletta.

Saka blei meldt til politiet, som ville inndra telefonen. Det godtok ikkje guten og foreldra hans, og saka hamna i tingretten, som gav guten medhald.

Påtalemakta anka saka, og Borgarting lagmannsrett kom fram til at ein kunne inndra mobilen.

Allmennpreventivt verkemiddel

Spreiing av nakenbilde av mindreårige på nett har blitt eit alvorleg samfunnsproblem. Regjeringa har også foreslått å skjerpe straffene for deling av krenkande eller openberre private bilde.

Mange av dei som gjer desse lovbrota, er også mindreårige sjølve.

Les også: Trapper opp kampen mot nettovergrep

Les også: Kripos-video går viralt: – Slutt å bruke begrepet «hevnporno»

I dommen skriv lagmannsretten at samfunnet har få verkemiddel tilgjengeleg når slike lovbrot blir gjort av mindreårige. Dei meiner difor ei inndraging av mobiltelefonar kan ha ein klar allmennpreventiv verknad.

Retten meiner også at det er skjerpande at guten hadde sendt bildet vidare til andre, og fått jenta til å betale pengar for å få sletta bildet.

Det har så langt ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med advokaten til guten.

– Viktig signal

Ifølge statsadvokat Stein Vale er dette den første dommen i Noreg der ein som er under 15 år, har fått inndrege mobiltelefonen. Han meiner dommen er prinsipiell, og sender eit viktig signal til mindreårig ungdom.

Statsadvokat Stein Vale

Statsadvokat Stein Vale meiner dommen sender eit klart signal til ungdom.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Bruker du mobiltelefonen til å spreie seksualiserte bilde av barn, risikerer du at mobiltelefonen blir inndregen. Du slepp ikkje unna ein reaksjon frå samfunnet sjølv om du er under den kriminelle lågalderen.

Les også: Regjeringen vil ha strengere straffer for spredning av nakenbilder

Han meiner dommen også kan gjere politiet trygge på at dei kan inndra mobiltelefonar i slike saker.

Samtidig hindrar ikkje dette mindreårige ungdommar å gjere liknande ting på nytt.

– Dei som får inndrege telefonen kan sjølvsagt skaffe seg ny. Men unge menneske er også i stand til å lære av ein slik reaksjon, seier Vale.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger