No skjemmest han over å vere norsk

Kulturpersonen og jølstringen Fridjov Urdal skjemmest over å vere nettopp jølstring og nordmann om dagen. Han meiner måten asylsøkjarar med endeleg avslag blir behandla på er ei skam.

Fridjov Urdal om asylsøkjarar

SKAKA: Kulturperson og jølstring Fridjov Urdal er opprørt over måten asylsøkjarar med avslag blir behandla på i Norge.

Foto: Bård Siem / NRK

Etter at leiinga ved Norsk Folkehjelp sitt mottak på Vassenden i Jølster slo alarm og bad bygdefolket om mat til sveltande asylantar, har det vore mange rasistiske ytringar på nett.

– Det er til å skjemmast over. Det er å skjemmast over å vere jølstring, og det å vere norsk, seier Urdal opprørt.

Hevdar asylsøkjarar svelt i mottaka

Reaksjonane har ikkje late vente på seg etter at mottaksleiaren ved asylmottaket på Jølster sist veke gjekk ut i media og bad om mat til asylsøkjarane. Grete Apelseth meiner praksisen med å gje asylsøkjarar med avslag 1960 kroner å leve for i månaden er uhaldbar.

Apelseth og Norsk Folkehjelp hevda praksisen fører til feilernæring hos asylsøkjarane, noko som igjen går utover deira psykiske helse.

Forbruksforskar Elling Borgeraas meiner også at summen er for låg, og seier det med tanke på forbruk og levekår er umogleg for asylsøkjarar å klare seg for under 2000 kroner i månaden over tid.

Men regjeringa har ingen planar om å heve satsane.

Skuffa over responsen

Både NRK og avisa Firda omtalte asylmottaket si bøn om at bygdefolket måtte kome med mat til dei underernærte asylsøkjarane.

På nettsidene til Firda kom det så mange rasistiske ytringar at avisa måtte stengje ned kommentarfeltet, og berre to personar møtte opp på mottaket med mat.

– Eg tykkjer det er skuffande og alvorleg. Vi har fått eit utruleg kaldt samfunn og tenkjer berre på oss sjølve. Vi vil ikkje dele med nokon, slik har Norge blitt,

(Artikkelen held fram under)

Jølster asylmottak

SKUFFA: Leiar ved asylmottaket i Jølster, Grete Apelseth, er skuffa over responsen etter at ho bad om mat til asylsøkjarane på mottaket.

Foto: Bård Siem / NRK

– Set dei på sveltekur

Fridjov Urdal er ein kjent kulturperson i Sogn og Fjordane og er sjølv frå Jølster. Han er skaka over måten asylsøkjarane blir behandla på. Han kallar den norske asylpolitikken kald og kynisk.

– Ein set dei rett og slett på ein sveltekur for å få dei ut av landet, seier Urdal.

– Men dei har fått endeleg avslag på søknaden sin, og dei har plikt til å dra ut av landet…

– Det er så. Men kva veit vi om dei tilhøva desse folka skal tilbake til? Eg vil be folk tenkje over korleis det er å bu på eit slikt mottak, år etter år. Er det eit liv vi kunne tenkt oss?

– Og når folk heller vil slik her hos oss, enn å reise tilbake til dei kår som heimlandet kan by på. Burde vi ikkje då få ein mistanke om at det ikkje står så bra til i heimlandet? seier han spørjande.

– Feil å lage noko stor sak ut av dette

Tidlegare fylkesleiar i Framstegspartiet i Sogn og Fjordane, Magne Dvergsdal, tek avstand frå rasistiske ytringar på nettet, men seier det elles er lite å hisse seg opp over ved denne saka.

– Om folk kjem hit, nektar reise heim att og ikkje greier livberge seg, så er ikkje det noko skam. Skal vi ta inn og brødfø alle som ikkje har fått asyl, då trur eg det kjem til å bli ganske ville tilstandar, seier han.

– Men er det ikkje ei skam med slike hatefulle ytringar?

– Eg har ikkje lese kva som er skrive, så det vil eg ikkje uttale meg om, seier han og held fram:

– Ein bør ikkje lage noko stor sak ut av dette. Det synest eg er feil.

Meiner nordmenn har det for godt

Urdal på si side meiner det norske folk har det altfor godt.

– Dess rikare og meir velfødde vi blir, dess vanskelegare har vi for å førestille oss både naud og trong hos andre. Kanskje blir det også vanskelegare for oss å tolerere det når vi ser det.

– Det er kanskje fordi det likevel rører noko ved vårt samvit, noko vi ikkje likar...

– Vi har blitt smålege

Dvergsdal er no passiv medlem i Framstegspartiet. Han meiner dei asylsøkjarane som har fått endeleg avslag på søknaden sin, ikkje har rett på ei einaste krone frå den norske stat.

– Dei har kome hit og har ikkje noko som helst her å gjere, og ikkje vil ut att, då er det jo eigentleg opp til dei sjølve. Og dei har vel eigentleg ikkje rett på noko som helst, seier han.

Jølstringen Fridjof Urdal håpar i det lengste at haldningane til folk endrar seg. For det han har sett i denne saka meiner han mildt sagt er uhaldbart.

– Det er mange ting som er godt i vårt samfunn, men eg trur folk har blitt personleg smålege, og dei let hat og uvilje blomstre som dette. Her har vi trengande folk rundt oss, og vi vil ikkje eingong gje dei eit måltid, sukkar han.