Hopp til innhold

Asylsøkjarar med avslag får ikkje helsehjelp

Asylsøkjarar som har fått avslag på opphald blir ståande utanfor helsevesenet fordi dei mistar dei fleste rettane sine. – For dårleg, meiner mottaksleiar.

Grete Apelseth

KREV HANDLING: Grete Apelseth ved Norsk Folkehjelp sitt asylmottak i Jølster meiner noko må gjerast med dagens situasjon.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Leiar ved Norsk Folkehjelp sitt asylmottak i Jølster, Grete Apelseth, ser ofte asylsøkjarar som kunne trengt psykiatrisk hjelp.

Men når dei får endeleg avslag mistar dei i stor grad retten til helsehjelp, og risikerer å bli avviste i døra.

Fordi dei skal ut av landet vegrar fagfolk seg for å starte behandlinga. Apelseth meiner situasjonen er uhaldbar.

– Mange av desse er under eit stor press. Dei har venta lenge, vore under stor belastning og er redde for framtida.

– Eg meiner det er uhaldbart at det behovet dei har for helsehjelp ramlar vekk når dei får endeleg avslag på søknaden sin, seier ho.

– Seier det er etisk uforsvarleg

Asylantar som strevar psykisk, men som òg ventar på utsending, har berre krav på helsehjelp i akutte tilfelle.

Det er uklare grenser mellom kva som er akutt behandling og ikkje.

Mottaksleiaren i Jølster seier dei opplever at fagfolk vegrar seg for å hjelpe fordi asylsøkjaren uansett snart kan måtte reise frå landet.

– Dei seier det er etisk uforsvarleg for dei å starte ei behandling, dersom ein person midt i behandlinga må forlate landet, seier Apelseth.

For to veker sidan vart tre personar drepne på ein buss på veg frå Årdal til Oslo.

Ein mannleg asylsøkjar er sikta, og er no innlagt på psykiatrisk sjukehus. I etterkant har det oppstått debatt rundt helsetilbodet til asylsøkjarar.

Det blir i dag ikkje stilt krav til helsebemanning ved mottaka, og fleire meiner noko må gjerast for å sikre at asylsøkjarar får den hjelpa dei treng.

(Artikkelen held fram under)

Asylsøkjarar med psykiske problem får ikkje god nok hjelp på norske mottak, meiner fagfolk. Utlendingsdirektoratat stiller ikkje krav til helsebemanning.

SJÅ TV-SAK: Asylsøkjarar med psykiske problem får ikkje god nok hjelp på norske mottak, meiner fagfolk.

Forstår at fagfolk let vere å starte behandling

Direktør for psykisk helsevern i Helse Førde, Ole Christian Reusch, seier pasientar med tilvising skal få helsehjelp.

Men Reusch meiner det òg er forståeleg at fagfolk kan la vere å behandle.

– Kva er best eller verst, er det å setje i gang ei behandling som kan bli avbroten. Dette blir ei fagleg vurdering der ein behandlar kan gje sitt synspunkt, seier han og held fram.

– Får vi ei tilvising må vi vurdere den på heilt vanleg måte, seier han.

Grete Apelseth i Norsk Folkehjelp meiner det er feil at asylsøkjarar som treng hjelp ikkje kan få det.

– Det kan og vere situasjonar der folk får psykiatrisk hjelp, men at den blir stogga når dei får endeleg avslag. Dette er ikkje haldbart, seier ho.