Åtvarar mot auka skredfare i fjellet - skifestival utarbeider lokale varsel

Samtidig som snøskredfaren er aukande reiser hundrevis av skikøyarar ut i dei bratte fjellsidene i Sogn. Arrangørane av Fjellsportfestivalen ber folk nytte sunt bondevett og respektere snøskredvarsla.

Bratt moro føreset at ein først kjem seg til toppen av fjellet.

KAN BLI FARLEG: Dei som skal setje utfor fjellsidene i Sogndal denne veka må vere forsiktige. Det er varsla om aukande skredfare i fjellet i heile Sør-Norge.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Det er opp til kvar enkelt å ta ansvar for seg sjølv, men vi skal heller ikkje arrangere aktivitetar i område der det er stor skredfare, seier Tor Yttri som er ein av sjefane for festivalen til NRK.no.

Norges Geotekniske Institutt (NGI) varslar at skredfaren vil auke kraftig på grunn av vêret utover veka.

Snøskredfaren er størst i vestlege fjelltrakter i Sør-Norge og både Sogndalsdalen og Jostedalen i Sogn, som er arena for festivalen, er område der folk bør vere svært forsiktige.

– Vanskeleg å vurdere kor det er farleg

I dag går startskotet for Fjellsportfestivalen i Sogndal. Den har som mål å bli tøffare, brattare og friare og inviterer hundrevis av skiglade til å kaste seg utfor fjellsidene som no lokkar med puddersnø så langt auge kan sjå.

Men denne veka kan det også bli svært farleg å stå på ski i fjellet. Skredfaren er aukande og NGI oppmodar folk vere svært forsiktige. Fleire stader er det markert skredfare, noko som betyr at snøen er svært ustabil.

Det er ofte på denne faregraden at det skjer ulukker, nettopp fordi det er så vanskeleg for folk å vurdere kor det er farleg eller ikkje.

– Skred som blir utløyste av skiløparar går vanlegvis når det er skredfare 3, slik det er no. Det vil seie at vêret er nokon lunde og det er mogleg å gå tur ute i fjellet, seier Frode Sandersen ved NGI til NRK.no og legg til:

– Det er vanskeleg for ein skiløpar å vurdere akkurat kva terreng som er farleg, så ein er nøydd å ta høgde for at det er mogleg å løyse ut skred når rasfaren er slik den er no.

I helga vart det sett i gang fleire søk etter moglege sakna personar etter skred, og laurdag omkom to menn etter eit skred på Kvaløya i Tromsø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjellsportfestival sogndal 1

BRATT: Det er stor fare for at skikøyrarar i fjellet utløyser skred denne veka. Folk bør difor vere forsiktige. Biletet er frå ein tidlegare Fjellsportfestival.

Foto: Torje Bjellaas

Skal lage lokale skredvarsel

Tor Yttri seier dei som arrangørar tek skredfaren svært alvorleg. For å sikre seg best mogleg vil dei utarbeide lokale skredvarsel for både Sogndalsdalen og Jostedalen, områda der festivalen vil ha aktivitetar.

– Vi har på plass skredekspertar frå både Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), snoskredvarsel.no, i tillegg til våre eigne spesialutdanna fjellførarar, seier Yttri.

– Desse er no ute og tek prøver i snøen, og saman med meteorologane vil vi lage lokale snøskredvarsel. Ingen av våre festivaldeltakarar skal bli sende ut i område som er farlege.

Folk må ta kloke val

Desse varsla vil bli avgjerande for kor Fjellsportfestivalen vil leggje turane og fellesaktivitetane denne veka.

Varsla vil også vere tilgjengelege for deltakarane, slik at dei sjølv kan setje seg inn i kva område dei bør styre unna når dei skal ut på ski på eiga hand.

– Vi oppmodar alle til å ta kloke val, seier Yttri.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tor Yttri

KLOKE VAL: Tor Yttri i arrangørstaben ber folk om å vere forsiktige og respektere skredvarsla som vil bli laga for områda rundt Sogndal.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Lytt til folk som har kunnskap

Yttri har eit inntrykk av at det blir stadig betre kunnskap om skred og skredfare i skimiljøet. Mange har allereie vore på skredkurs, medan andre har meldt seg på kursa som blir arrangert under festivalen.

Dei som ikkje kan nok om skred bør lytte til dei som kan det, oppmodar Yttri.

– Det kjem til å vere masse folk her som har mykje kunnskap om skred. Dersom ikkje folk sjølv har kunnskapen må dei lytte til dei som har det. Ta kloke val og ikkje strekk grensene er det vi ber folk om å leve etter denne veka, seier Yttri.