Hopp til innhold

Ski og snø gagnar næringslivet

Skifrelste frå heile landet flyttar til Sogndal for å dyrke si store interesse.

Tore Friele Lie frå Malvik i Sør-Trøndelag, Morten Brøckermann frå Bærum og Anders Ekkje Slettebø frå Stavanger er tre av mange som no har valt Sogndal som bustad.

Dei tre kjem frå ulike delar av landet og har ulike jobbar, men dei har ein ting til felles: Interessa for friluftsliv.

– Moglegheitene for god og heftig skikøyring var ei viktig årsak til at eg valde å flytte til Sogndal, seier Ekkje Slettebø.

Vel Sogndal framfor andre

Friluftsmiljøet i Sogndal har laga ei liste på over 20 tilsette i ulike verksemder som har flytta til Sogndal for å dyrke interessene sine.

Dyre Hult jobbar i likskap med Ekkje Slettebø i IT-bransjen. Hult valde Sogndal framfor andre stadar med gode skitilbod fordi skimiljøet i Sogndal er så stort.

– Eg kjente allereie nokre folk i Sogndal som snakka så positivt om skigåinga her, og då ville eg hengje meg på og få oppleve litt av alt Sogndal har å by på, fortel Hult.

Kompetente friluftsfolk

Snø lokkar kompetanse

KOMPETANSE: Vidar Bondevik (til høgre) meiner friluftstilbodet i Sogndal er avgjerande for å lokke fleire som Anders Ekkje Slettebø til Sogndal.

Foto: Anna Gytri / NRK

Vidar Bondevik i Gasta design & kommunikasjon er sjefen til Ekkje Slettebø. Han meiner det er heilt avgjerande for dei at Sogndal har nettopp dette friluftstilbodet, som større byar ikkje kan tilby.

Bondevik fortel det var gjennom friluftslivnettverket at han fann Ekkje Slettebø.

– Han sat i Stavanger i ein god jobb og hadde neppe kome hit om det ikkje var for interessa han har for fjell og ski. I eit miljø der ein finn friluftsinteresserte ungdommar, finn ein òg mange høgt utdanna og flinke folk vi gjerne vil ha her.

Nytt fenomen

Vinterstemning i Sogndalsdalen

IDYLL: Fine turmoglegheiter i Sogndalsdalen, også for dei som ikkje vil ha bratte løyper. Foto: Per Hilleren

Foto: Per Hilleren

Arbeidsgjevarar har no eit stort friluftsmiljø, der dei kan leite etter kompetente folk.
Bondevik, som har vore arbeidsgjevar i 12, år fortel at dette er eit nytt fenomen.

– Det har jo endra seg siste åra. Fjellsportfestivalen gjorde at Sogndal vart sett på kartet og den fantastiske suksessen til idrettslinja på høgskulen spelar nok også inn. Det er mange studentar som har studert der og som reklamerer for Sogndal når dei reiser heim igjen.