Klokka 11.15 i dag fekk politiet meldingar om fleire snøskred ved Blåfjell, like ovanfor Hodlekve skisenter i Sogndal.
Eitt av rasa vart utløyst av ein skikøyrar, som kom frå det heile i god behald.
Redningshelikopter, redningsmannskap og hundar var på staden for å søke etter andre personar, men avslutta søket utan funn.
– I dag hadde vi ein situasjon i fjella i Sogn som var varsla, men som skapte nokre farlege situasjonar. Det gjekk heldigvis bra denne gongen, seier Per Odd Grevsnes som er operativ leiar i skredgruppa i Sogn.
Fjellområda er populære, og politiet oppmodar om å vere varsame dersom ein legg ut på tur.
– I dette flotte skivêret er det folk der frå tidleg morgon til sein kveld. Ein må alltid ta forholdsreglar, velje ruter med omhug og halde seg oppdatert på skredvarslinga, seier lensmann Magne Straumstein.
Stor snøskredfare
Dersom du skal ferdast i fjella dei komande dagane kan det løne seg å lytte til Straumstein sine råd.
Både i Hardanger, Voss, Sogn og Sunnfjord er det varsla om betydeleg skredfare. Ifølgje varsom.no gjeld det same for fleire fjellområdet i landet.
«Forholda er krevjande, og det ligg ferske fokksnø i snødekket som er lette å løyse ut. Unngå alt skredterreng», heiter det i varslinga.
– Hald deg unna bratt terreng og ha med spade, varme kle og vindsekk i tilfelle, rår leiaren for skredgruppa til Røde Kors i Telemark, Fredrik Kristoffersen.
Han får støtte frå Grevsnes i Sogn.
– No har vi fantastisk god snø, men den er lunefull. Det fryktar vi dei neste dagane, fordi då kan det vere fare for skred. Les deg opp på terrenget og hald deg oppdatert på skredvarsel, oppmodar han.
Teken av skred i Alpane
Kristian Larsen frå Telemark opplevde sjølv å bli teken av skred i Alpane i Austerrike i 2012.
– Det var lenge sidan vi hadde hatt god snø, men plutseleg låg det an til ein god pudderdag. Vi bomma litt på ruta og hamna i eit bratt heng. Då losna det eit skred rett rundt beina mine, fortel han.
Larsen fortel at han ikkje rakk å tenke noko særleg på vegen ned.
– Du går i overlevingsmodus. Eg var ikkje i stand til å gjere så mykje, det var eigentleg berre om å gjere å beskytte hovudet, seier han.
Larsen var i toppen av skredet, og meiner sjølv han hadde flaks. Han kom seg ut utan hjelp, og hendinga la inga dempar på skigleda.
– Det var berre å kome seg over kneika. No har eg gått vegen mot å bli skredinstruktør, fordi det er ein givande måte å kunne ruste andre til å gjere gode vurderingar og ferdast tryggare i vinterfjellet, seier han.
Beskjeden frå han er klar:
– Er du ikkje god på å kjenne igjen skredfarleg terreng, bør du halde deg unna, seier han.