– Vi undersøker no kor mykje nedbør som skal til for å løyse ut flaum og skredsituasjonar, og det gjeld spesielt Flåmsdalen, seier Bjørn Sture Rosenvold, som er administrativ ansvarleg for prosjektet.
I Aurland er kommunen saman med BaneNord, kraftprodusent, forsking og konsulentmiljø no i gang med eit forsøksprosjekt for å syne korleis lokal flaum- og flaumskredvarsling kan gjerast rask og systematisk. Målet er at kommunane skal få eit betre verktøy til å lage prognosar for skadeflaumar i bratte vassdrag.
Klimaendringar og flaum
Aurland kommune var ein av kommunane som vart hardast råka i samband med den store skadeflaumen i 2014 der fleire kommunar på Vestlandet vart råka.
Her kan du lese alt om oktoberflaumen i 2014.
Etter skadeflaumen i Nordfjord for vel to veker sidan er det meldt inn 127 skader Utvik og Gloppen.
I tillegg kjem skadar på veg, og dei førebelse anslaga er at flaumen kjem til å koste 120 millionar kroner.
Klimaforsking har synt at nedbør kan auke med mellom fem og 30 prosent i dette hundreåret, med auka fare for flaum og flaumskred.
Skadeflaumane i 2014 og i Nordfjord no i sommar har synt at sjølv store hendingar ikkje alltid vert varsla slik at kommunal beredskap kan verte sett i verk i tide.
– Dei førebelse undersøkingane våre syner at ein kan klare å varsle om vêrsituasjonar som kan utløyse flaum og skred ein til tre dagar på førehand. Vi klarar ikkje å stogge det, men kan auke beredskapen i tide og få betre tid til evakuering, seier Rosenvold.
FLAUM OG FLAUMSKREDVARSLING: Her undersøker dei bevegesar i grunnen i Flåmsdalen
Foto: PressebileteMålestasjonar
Dei to siste åra har det vore plassert ut måleutstyr fleire stadar i Flåmsdalen. Der har ein målt både nedbør og bevegelsar i grunnen.
– I tillegg har vi saman med Storm Geo nytta vêrsatellittar og andre typar informasjon. Dette vert så analysert for å finne verdiar som gjer at ein kan varsle på førehand om ugunstige situasjonar som oppstår, seier Rosenvold.
Prosjekt har til no brukt to millionar kroner på undersøkingane og legg i oktober fram rapporten for prosjektet så langt.
– Då kjem vi til å søke om å få utvide prosjektet, for to år er litt lite. Vi treng meir og betre lokalkunnskap slik at vi kan finne løysingar for ulike kommunar, seier Rosenvold.