Hopp til innhold

Ørjan er tilbake i Sogndal - og no skal han spele seg inn att på laget

Etter ein sesong med mykje skadetrøbbel og lite speletid, er Ørjan Hopen fast bestemt på å spele seg inn att i Sogndal sin førsteellevar.

Ørjan Hopen på trening med Sogndal

SKAL KJEMPE: Ørjan Hopen har planar om å kjempe seg inn att på laget i Sogndal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Stoda er bra, tykkjer eg. Eg har fått trent godt i ferien, og ser fram til å komme i gang, seier Ørjan Hopen til NRK.no.

Sogndal hadde måndag føremiddag si første trening i oppkøyringa til ein ny sesong. Der var også Ørjan Hopen, som siste halvdel av fjoråret var på utlån i Bryne i 1. divisjon.

– No skal eg komme meg inn på laget og prestere her først, og så får vi sjå deretter kva som skjer, seier han.

Innsåg at det var lite speletid

Ørjan Hopen fekk gjennombrotet sitt i 2011-sesongen. Då var han ein av lagets sentrale spelarar, og markerte seg mellom anna med ein svært målfarleg venstrefot.

Mot slutten av sesongen kom det fram at den unge sogningen var speleavhengig. 2012-sesongen vart det varierande med speletid for moderklubben.

I fjor starta sesongen på verst moglege måte, då han måtte gjennom ein operasjon tidleg i januar.

– Eg var vel ikkje klar før sommarferien, og eg vurderte situasjonen slik at det kunne bli vanskeleg å få særleg med speletid her. Så då valde eg å gå til Bryne, fortel Hopen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ørjan Hopen på trening med Sogndal

PÅ PLASS: Ørjan Hopen tilbake på trening i Sognahallen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Har kvalitetar laget treng

Etter tre månader på utlån i 1. divisjon, er han no klar for å kjempe seg tilbake i Sogndal.

– Eg vil spele meg inn som fast på laget. Så har eg eit mål om å kunne bidra med scoringar og nokre målgivande, og eg vil gjerne levere ein god sesong i tillegg, seier han.

– Og kanskje ei og anna frisparkperle også?

–- Ja, det hadde vore kjekt.

– Korleis vurderer du sjansane dine?

– Eg ser på sjansane mine som gode. Eg kan ikkje gå til første treninga og ikkje tru at eg kan spele meg inn på laget, då har eg tapt på førehand.

–Eg føler eg har gode sjansar, eg har kvalitetar eg trur vi treng på laget. Så eg er positiv, seier Hopen.

– No er det opp til Ørjan sjølv

Då Sogndal gjennomførte årets aller første trening i Sognahallen, sat sportsleg leiar Håvard Flo på tribunen og finsikta spelarmateriellet sitt.

Han trur Hopen er motivert for å gjere det som skal til for å spele seg inn på laget.

– No er det litt opp til Ørjan sjølv å bite seg fast og utvikle seg. Han må jobbe strukturert, målretta og knallhardt i kvardagen – og eg er sikker på at han er motivert for det, seier Flo.

– Han fekk bra med speletid i starten i Bryne. Så vart det litt mindre mot slutten. Og det er tøff konkurranse i laget her, så han får ingenting gratis, understrekar han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Håvard Flo på tribunen under trening

NØGD: Sportsleg leiar Håvard Flo meiner spelarstallen til Sogndal er god nok fram mot ein ny sesong i eliteserien.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Nøgd med spelarstallen

Etter sesongslutt i fjor har Sogndal kutta i spelarstallen, slik at dei no har 22 kontraktsspelarar.

Blant dei som har forlate klubben er Azar Karadas, Thomas Ness og Eivind Daniel Røed. På den andre sida er stallen styrka med Helge Haugen og Hjörtur Logi Valgarðsson.

– Stallen ser veldig bra ut. No var det første trening etter nyåret, så det er eit par spelarar som ikkje var her. Men dei nye var på plass, og dei ser veldig bra ut. No blir det artig framover, seier Flo.