Hopp til innhold

Måndag startar alvoret att for Sogndal

Etter to månadar ferie, samlar Sogndal Fotball troppane att i morgon. Assistenttrenar Tom Mangersnes kjenner seg trygg på at spelarane har skikka seg godt sidan sesongslutt.

Sogndal

KLARE TIL DYST: Måndag startar sesongoppkøyringa for Sogndal Fotball.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Steget opp på vekta har gitt mang ein fotballspelar sjokk etter nokre månaders ferie.

Det fryktar ikkje Tom Mangersnes er tilfelle når Sogndal-spelarane møter til årets første samling og fysiske testar på måndag.

– Eg er ganske trygg på at dei har følgt dei individuelle fysiske treningsprogramma som skulle utførast i ferieperioden. Om nokon skulle ha litt for mykje, så går det ikkje lange tida før det er trimma vekk. Det er ei profesjonell gruppe, seier assistenttrenaren.

To nye fjes

Helge Haugen og Håvard Flo

GLER SEG: Helge Haugen er ny i Sogndal-stallen i år og fekk sitt første møte med ein del av spelarane på den sosiale samlinga på Gol.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg kan berre snakke for meg sjølv, men eg trur nok alle som driv med dette veit å ta vare på seg sjølv og kroppen gjennom ein friperiode. Vi er nok godt rusta til å starte sesongførebuinga, seier Helge Haugen, som er eitt av to nye fjes når spelarane samlast måndag.

– No ser eg verkeleg fram til å komme i gang. Det skal bli godt, seier den tidlegare Brann-, Tromsø- og Hønefoss-spelaren.

Midtstoppar kjem tysdag

Islandske Logi Valgardsson er det andre nye fjeset som stiller på Sogndal-trening når klubben startar jakta på ein historisk femte strake sesong med eliteseriefotball på Fosshaugane.

I tillegg får islandske Logi Valgardsson sitt første møte med nye lagkameratar måndag. Tysdag vil også Nest Sotra-stoppar Max Jacob Bjørsvik (24) slutte seg til spelargruppa for å vise seg fram for det sportslege apparatet i klubben.

– Han skal hospitere litt med oss. Utover det er ikkje noko som er avtala om andre spelarar, seier Mangersnes.

Betre rusta i år

Azar Karadas

FERDIG: Azar Karadas er ikkje med inn mot 2014-sesongen.

Foto: Ole Reidar Mathisen / NTB scanpix

Med unntak av Azar Karadas, er dei fleste spelarprofilane med vidare inn mot 2014-sesongen. Det er første gong på mange år at Sogndal ikkje går inn i ein ny sesong etter store utskiftingar.

Mangersnes meiner klubben og stallen står betre rusta enn tidlegare år.

– Eg føler vi kvart einaste år har vore i ein situasjon der vi har hatt stor utskifting. Før 2012-sesongen mista vi heile bakre firar og før fjoråret mista vi store delar av midtbaneleddet, seier han.

Har halde på stammen

– No har vi behalde stammen frå fjoråret, held assistenttrenaren fram og vedgår at dette er ein spelarstall som så vidt tok nok poeng til å overleve i divisjonen. Spesielt haustsesongen var svak.

Sogndal tok 16 av sine 33 poeng på dei 12 kampane før sommarferien. Då sesongen vart gjort opp i november var avstanden til Tromsø på nedrykksplass var fire poeng.

– Men denne stammen har også kompetanse til å bruke og vidareutvikle kunnskapen vi set att med om kva som gjekk gale i fjor haust, seier Mangersnes.

Analyserte hausten

For den sportslege leiinga har ikkje berre analysert kampar gjennom sesongen. Sidan siste spark på ballen 10. november, har kampvideo på kampvideo blitt spelt av og analysert.

Tom Mangersnes

ASSISTENTTRENAR: Tom Mangersnes.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Men også ettersesongen er ei tid for evaluering. Spesielt for å finne svaret på kvifor prestasjonane svinga stort i fjor.

Sogndal tok til dømes berre sju av 30 moglege poeng i sesongavslutninga.

– Det er klart at vi har hatt evaluering med spelarar og i trenarteam i høve måten vi presterte på i haust. Vi har også analysert og sett kampane fleire gonger i for å finne hovudskilnaden frå periodar der ting fungerte godt og periodar der vi presterte mindre godt, seier han.

For lange avstandar

– Det handlar litt om kartlegge det som har skjedd, og så bruke det i den vidare utviklinga inn mot ein ny sesong, legg Mangersnes til.

– Har de fått noko gode svar på kva som svikta på hausten?

– Det er fleire faktorar som spelar inn. Enkelt sagt var vi mindre samla då vi forsvara oss slik at det vart lettare for motstanden å spele seg igjennom. Då vi vann ballen, vart avstanden mellom spelarane og lagdelane for store, slik at det var vanskeleg å finne kvarandre.

Blir tippa i botn

– Ein annan faktor er at vi var mindre effektive på hausten. Vi trengde langt færre sjansar før vi fekk mål på vårsesongen. For motstandarane var det omvendt. Dei trengde færre sjansar i høve til måla dei scora, held Mangersnes fram.

Spelargruppa reiser i midten av månaden til Gran Canaria før treningskampane tek til.

Når det nærmar seg sesongstart 30. mars reknar assistenttrenaren med at Sogndal tradisjonen tru er ein heit kandidat til å bli tippa på jumboplass i media.

– Eg ville blitt veldig overraska om vi blir tippa nokon annan stad enn i botn, humrar han. Vel vitande om at Sogndal har gjort tilsvarande tips til skamme tre gonger før.