Hopp til innhold

Skal skyte opp mot 2500 dyr: – Situasjonen er svært alvorleg

I kampen mot den dødelege skrantesjuka, har regjeringa bestemt at 700 av 1000 villreinbukkar på Hardangervidda skal skytast.

Villreinkalv på Hardangervidda
Foto: Anders Mossing, Norsk Villreinsenter Sør

I alt skal det fellast opp mot 2500 dyr.

– Situasjonen er svært alvorleg, seier klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn (V).

I april kom Mattilsynet og Miljødirektoratet med tiltak for å handtere den frykta skrantesjuka blant villrein på Hardangervidda i Vestland.

Torsdag bestemte regjeringa å gjennomføre tiltaka, noko dei har orientert om i eit møte med tilsynet, direktoratet og villreinutvalet, villreinnemnda og ordførarar i området rundt Hardangervidda.

Dette er tiltaka:

  • Talet på villreinbukkar som er over tre og eit halvt år skal ned på eit minimum i løpet av 2021, altså tilnærma lik null.

  • I tillegg skal det takast ut mellom 1000 og 1500 simler (hodyr).

  • Dermed er det 700 av dei 1000 bukkane som no skal skytast, og totaltalet kan kome opp i 2500 dyr som må skytast.

Vil sikre friske bestandar

I september vart det påvist skrantesjuke hos ein villreinbukk på Hardangervidda. Skrantesjuke er ein svært alvorleg og alltid dødeleg sjukdom hos hjortedyr.

– Skrantesjuka på Hardangervidda har gitt oss nokre utfordringar som statleg og lokal forvaltning må løyse i fellesskap. Vi er også opptatt av å legge til rette for ein mest mogleg effektiv ordinær jakt i 2021, seier Rotevatn.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) seier kampen mot skrantesjuka handlar om å sikre friske bestandar av villrein og andre hjortedyr for framtida.

– I arbeidet med å gjere nye tiltak vil det bli lagt stor vekt på ny kunnskap, resultat av prøvetakingar og samarbeid med brukarane av Hardangervidda, seier ho.

Petter Braaten

JAKTLEIAR: Petter Braaten frå Geilo leia arbeidet då villreinstammen i Nordfjella måtte skytast ut.

Foto: Håvard Nesbø

Håpar på mange jegerar

Petter Bråten leia arbeidet med å ta ut villreinflokkane i Nordfjella i 2017 og 2018. No er han nøgd med at regjeringa støttar forslaget om tiltak på Hardangervidda.

– Dette er ei vanskeleg og kompleks sak med mykje kjensler. Så får vi sjå korleis dette går utover hausten. Eg håpar primært at jakta vil løyse den målsettinga som regjeringa la fram i dag, seier Bråten.

No håpar at flest mogleg nyttar høve til å gå på villreinjakt, og at ein dermed får gjort jobben regjeringa no lett opp til.

– Dette er dramatisk i den forstand at det er ein sjukdom som finst i denne bestanden, så veit vi ikkje kor mange av dyra som er smitta. Dette er ikkje problemfritt, men det truar ikkje eksistensen slik den er lagt fram no.