Hopp til innhold

Skal ha blitt slått i hovudet av sjef

Jarle Kirketeig skal ha blitt slått i hovudet av sjefen sin, Magne Ulvatn, i Fellesforbundet si avdeling 19.

Jarle Kirketeig

I RETTEN: Jarle Kirketeig har gått til sak for å få jobben sin tilbake. Han hevdar han har blitt mobba av den tidlegare sjefen sin.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det kom fram under arbeidsrettssaka som går i Fjordane tingrett. Der krev Kirketeig tilbake jobben sin som organisasjonsmedarbeider i forbundet og 300.000 kroner i oppreising, for det han meiner er mobbing og usakleg oppseiing.

Fortalde om raseri og sinne

Det var til dels amper stemning i retten i dag. Det verkar som om arbeidsmiljøet i avdelinga har vore svært dårleg, med store konfliktar. Det vart fortalt om møte der det var raseri og sinne, der folk slo i bordet.

Jarle Kirketeig har fortalt om ein episode der Magne Ulvatn skal ha slege han i hovudet. I retten i dag sa fungerande leiar Bjørn Kormeseth i Fellesforbundet at Ulvatn hadde ringt til han og vedgått dette og beklaga at han hadde gått for langt.

Det har ikkje lukkast NRK.no å få kontakt med Magne Ulvatn i ettermiddag. Ulvatn skal forklare seg i rettssaka i morgon.

Gjerde forklarte seg i dag

Ein annan som forklarte seg i retten i dag, var Jan Olav Gjerde som fekk jobben som organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet avdeling 19 i 2004. På den tida var Atle Reidar Sandnes leiar og Magne Ulvatn kasserar.

Gjerde kom med lang fartstid som tillitsvald ved Havyard Leirvik, og definerte både Sandnes, Ulvatn og dei andre ved kontoret som sine venner. Han gledde seg stort til å ta fatt på det han såg som spennande oppgåve i Fellesforbundet.

Gjerde kom så med ein del eksempel på hendingar som han meinte forklarte miljøet som etter kvart utvikla seg.

Med Ulvatn som kasserar vart det fort veldig fokus på økonomi og kostnader. Kontoret trong ein del møblar og utstyr, og Gjerde fekk beskjed om at han bruke pengar «som fulle sjøfolk».

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Olav Gjerde og Oddbjørn Aalen under rettssaka Jarle Kirketeig vs. Fellesforbundet

Jan Olav Gjerde og Oddbjørn Aalen i samtale under rettssaka mellom Jarle Kirketeig og Fellesforbundet avdeling 19.

Foto: Bård Siem / NRK

Fekk kjeft

Så tok Ulvatn over leiarjobben etter Atle Reidar Sandnes og i førstninga gjekk alt greitt, men etter kvart vart det eit anstrengt forhold, fortalde Gjerde i retten i dag. Han opplevde etter kvart ei kontrollerande atmosfære og stadige opprivande diskusjonar.

Gjerde skulle mellom anna ha ansvar for medlemsverving på reisene sine, men dersom det ikkje strøymde på med nyinnmeldingar, fekk han kjeft fordi tidsbruken ikkje hadde gitt venta resultat.

– Gått ut på dato

Det heile toppa seg ein måndagsmorgon, sa Gjerde. Han og Ulvatn dreiv å laga seg kaffi på morgonen, og då fekk Gjerde beskjed om at styret hadde vedteke å redusere stillinga hans med 50 %. Det var halvannan månad før permisjonstida ved Havyard gjekk ut, og Gjerde sa opp.

Gjerde fekk spørsmål frå Kirketeig sin advokat om han kunne beskrive Magne Ulvatn som leiar, og sa at Ulvatn hadde ein leiarstil som for lengst er utgått på dato.

Gjerde seier han blei konfliktsky og usikker på om han hadde noko å fare med, han blei redd for å gjere feil og redd for kritikk. Han fortel at han kjende seg svært letta då han hadde sagt opp og at det tok eitt år å komme på offensiven igjen.

Kom med fleire døme

Rettssaka starta i Fjordane tingrett tysdag. Den er av det spesielle slaget, for medan Fellesforbundet skal jobbe mot mobbing, blir dei trekt for retten for akkurat mobbing.

Då Jarle Kirketeig forklarte seg i retten tidlegare i dag, trekte den tidlegare organisasjonskonsulenten fram døme på det han meinte var raserianfall frå leiaren, mellom anna på grunn av at han hadde sett ei stiftemaskin på feil plass.

Kirketeig hevdar han er blitt mobba og trakassert, og at det i hovudsak var Magne Ulvatn, den valde leiaren i Fellesforbundet i fylket, som stod for det.

Avviste mobbing

Fungerande leiar Bjørn Kormeseth i Fellesforbundet avdeling 19 avviste i retten at saka handlar om mobbing. Han sa at Kirketeig ikkje vart mobba av Ulvatn, men at det handlar om ein vanleg arbeidskonflikt mellom dei to.

I alt 18 namn står på vitnelista i denne rettssaka som varer ut veka.