Hopp til innhold

Kirketeig krev leiarane ekskluderte

Skulle Jarle Kirketeig vinne fram med saka si mot Fellesforbundet, vil han samstundes krevje at leiarane Magne Ulvatn og Bjørn Kormeseth blir ekskluderte frå stillingane sine.

Jarle Kirketeig i Fjordane tingrett

HARDE FRONTAR: Jarle Krirketeig i tingretten. Ved bordet i bakgrunnen sit m.a. fungerande leiar Bjørn Kormeseth i Fellesforbundet avd. 19.

Foto: Bård Siem / NRK

Fjordane tingrett handsamar denne veka arbeidsrettssaka mellom Kirketeig og arbeidsgjevaren Fellesforbundet avdeling 19.

Fellesforbundet har sagt opp Kirketeig, medan han meiner at han har blitt mobba og trakassert av sjefen sin, Magne Ulvatn. Han krev jobben som organisasjonskonsulent attende, og krev 300.000 i erstatning i tillegg.

Onsdag kom det fram i retten at Kirketeig også vil krevje leiar Ulvatn og nestleiar Bjørn Kormeseth fjerna frå stillingane sine – dersom dei ikkje trekkjer seg sjølve.

Fekk kjeft for stiftemaskin

Kirketeig har onsdag føremiddag forklart seg for retten. Han håpar med rettssaka å kunne bevise seg utsett for mobbing og trakassering.

Då vil han i tilfelle også krevje sjefane suspenderte.

I rettssalen trekte den tidlegare organisasjonskonsulenten fram døme på det han meinte var raserianfall frå leiaren, mellom anna på grunn av at han hadde sett ei stiftemaskin på feil plass.

Advokaten hevda tysdag at Kirketeig sidan 2007 vart utsett for rigid kontroll og urett mistillit frå Magne Ulvatn, som er leiar i fellesforbundet si avdeling i Sogn og Fjordane.

Dommaren spurde Kirketeig om han tidlegare har vore involvert i arbeidskonfliktar på tidlegare arbeidsplass eller gjennom sitt tidlegare verv som gruppeleiar i Arbeidarpartiet i Gaular. Det avviste Kirketeig.

Motparten: Ikkje mobbing

Etter at Kirketeig var ferdig med si forklaring var det motparten sin tur. Fungerande leiar Bjørn Kormeseth i Fellesforbundet avdeling 19 avviste i retten at saka handlar om mobbing.

Han sa at Kirketeig ikkje vart mobba av Ulvatn, men at det handlar om ein vanleg arbeidskonflikt mellom dei to. Kormeseth sa og at Kirketeig var eigenrådig. Når han fekk beskjed om å gjere noko så skal han ikkje ha fylgt ordre utan vidare, det sat langt inne å godta beskjeden, sa Kormeseth.

Han sa og at Kirketeig vart skulda for å køyre lengre enn naudsynt når han var på tenestereise, og han hadde fått beskjed om at han ikkje måtte jobbe så mykje som han gjorde, han skulle ha hatt arbeidsdagar frå åtte om morgonen til to om natta.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kormeseth

AVVISER MOBBING: Fungerande leiar Bjørn Kormeseth i Fellesforbundet avd. 19.

Foto: Bård Siem / NRK

Amper stemning

Med andre ord er det to nokså ulike framstillingar av det indre livet i Fellesforbundet avdeling 19 som kom fram i Fjordane tingrett, og stemninga i retten var deretter.

Det var til dels amper stemning. Det verkar som om arbeidsmiljøet i avdelinga har vore svært dårleg, med store konfliktar. Det vart fortalt om møte der det var raseri og sinne, der folk slo i bordet.

Ulvatn skal forklare seg i rettssaka i morgon.