Hopp til innhold

Den ukrainske soldaten vart lam frå nakken – takkar Noreg for behandling

Etter to dagar i forsvar av heimbyen Kyiv vart Andrij (20) skoten i nakken av ein russisk snikskyttar. No ligg han i ei sjukehusseng i Bergen.

Den ukrainske soldaten Andrij

SKADA I KRIG: Andrij (20) vil av tryggleiksomsyn ikkje identifiserast. Han var skada i den russisk-ukrainske krigen.

Foto: Brynjar Osgjerd / NRK

Mange gongar har han tenkt over denne avgjerda. Gjorde han rett? Var offeret han gav i forsvar av heimlandet for stort?

Morgonen 24. februar i år vaknar historiestudenten Andrij opp til nyheita om at russarane angrip Ukraina.

Han føler at han må gjere noko.

– Eg laug til mamma. Sa eg gjekk på jobb. Men eg verva meg i staden til hæren. Eg kunne ikkje ha levd med meg sjølv om eg ikkje hadde gjort det.

Innan eit døgn er han i kamp mot russiske spesialsoldatar i forsvar for Kyiv.

Innan to døgn er livet forandra for alltid.

– Det var mørkt. Eg prøvde å kjempe så godt eg kunne. Ein russisk snikskyttar med nattsikte trefte meg i nakken.

Adrij vart skoten gjennom nakken

Andrij vart skoten gjennom nakken

Foto: Brynjar Osgjerd / NRK

Andrij seier han berre såg opp mot den stjerneklare himmelen. Ute av stand til å røre seg. Ute av stand til å rope om hjelp.

– Eg klarte berre å tenke at no er det slutt. No døyr eg.

Felleseuropeisk samarbeid

Sidan krigsutbrotet har europeiske land danna eit system for å hjelpe skada og sjuke ukrainarar.

Dei ukrainske sjukehus ikkje har kapasitet til å hjelpe vert frakta til eit av nabolanda, ofte Polen.

Derfrå vert det sendt ut førespurnader til sjukehus over heile Europa.

– Vi har tilbydd oss å ta imot fleire pasientar enn dei vi har fått tildelt.

Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør, Haukeland universitetssjukehus

Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør for Haukeland universitetssjukehus, er nøgd med systemet for å ta imot pasientar frå krigen.

Foto: Brynjar Osgjerd / NRK

Det seier Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Ho skildrar systemet som effektivt.

Haukeland har teke imot eit tosifra tal ukrainarar.

– I utgangspunktet var det tenkt at vi skulle ta imot kreftpasientar som ikkje kunne få god behandling i Ukraina. Så har det kome sivile som har blitt skada. Seinare har Noreg sagt ja til å ta imot soldatar.

norske m109 i aksjon (mulig)

Noreg har også bidrege med krigsutstyr.

Foto: Ukrainas forsvarsdepartement / Facebook

Det var ei kontroversiell avgjerd å ta ukrainske soldatar til Noreg. Etter fleire førespurnader sa regjeringa ja først i slutten av mai.

67 ukrainske pasientar

Til no har det kome 67 pasientar frå Ukraina til Noreg. Det opplyser beredskapsdirektør Kamilla Haugaasen Nordvang i Helsedirektoratet til NRK.

Ytterlegare to ventar på transport.

Les også De som ikke fikk dra

Ukrainske Jurij, Volodomyr og Aleksandr i Lviv

41 pårørande er i landet saman med pasientane.

Helsedirektoratet vil ikkje opplyse kvar i landet pasientane får behandling.

Og Andrij er oppteken av å vere forsiktig med tryggleiken. Han ser framleis seg sjølv som ukrainsk soldat. Difor ber han NRK om å ikkje avdekke etternamnet og ikkje vise andletet hans.

Haukeland universitetssjukehus

Haukeland universitetssjukehus er ein av sjukehusa som har teke imot pasientar frå Ukraina.

Foto: Brynjar Osgjerd / NRK

Lam frå nakken

Andrij kjem truleg ikkje til å kunne bruke beina eller armane sine igjen. Men han meiner behandlinga han får i Bergen gjev han dei beste mogelegheitene for å bli så frisk som mogeleg.

– Eg er takksam for at eg får hjelp i Noreg. Her er det omsorgsfulle menneske og eit godt helsevesen.

20-åringen ser ut på sommarregnet i Bergen. Det er anstrengande for han å snakke. Men han meiner det er viktig at folk forstår kva folk i Ukraina går gjennom.

Les også Russland har framgang i krigen, vil Ukraina kunne svare?

Rakett

Andrij har mange månader med behandling og rehabilitering framfor seg i Noreg. Han håper å få sett litt av byen og av norsk natur etter kvart. Men draumane for framtida er i heimlandet.

– Eg vil sjå at vi sigrar. Og eit nytt og vakkert Ukraina.

– Du har ofra mykje for Ukraina. Er det verdt det?

–Det har eg tenkt på mange gonger. Ja, det er verdt det. Eg gjorde det einaste rette då eg verva meg.

– Mange har gitt meir enn meg. Dei ekte heltane er dei som ofra livet for landet vårt. Eg vonar offeret min generasjon har gitt aldri vil bli gløymt.