Hopp til innhold

Skaasheim og Valsvik på U19-landslaget

Sogndalsspelarane Eirik Bergum Skaasheim (19) og Gustav Valsvik (18) er uttekne på landslaget for å møte Ukraina i Kiev 25. april.

Eirik Skaasheim

KLAR: Eirik Bergum Skaasheim er klar for U19-landslaget.

Foto: Morten Olsen / Digitalsport

Dette blir balestrendingen Skaasheim sin debut på landslaget. Valsvik har vore med før.

– Det kom litt brått på, så eg er litt overraska. Men sjølvsagt er eg veldig glad for å få sjansen til å vere med dei beste i landet i mi aldersklasse, seier Skaasheim.

Eliteseriedebuterte førre helg

Ungguten frå Balestrand fekk sin eliteseriedebut for Sogndal mot Odd Grenland for knapt ei veke sidan. Berre nokre få dagar før hadde han fått proffkontrakt då han skreiv under for Sogndal fotball.

Det har vore mykje nytt for 19-åringen på kort tid. Han legg ikkje skjul på at han lenge har hatt ein draum om U19-landslaget.

– Det var nok noko eg tenkte mest på når eg var yngre. Så har eg slege det litt ifrå meg etter som tida har gått, seier Skaasheim.

Er budd på ei travel tid

I april reiser han med resten av laget til Ukraina. Stort meir har han ikkje fått vite. Men at det blir travelt framover, er han budd på.

Han trur det å få spele med landslaget vil utvikle han ytterlegare som spelar.

– Sjølvsagt er det god erfaring å få med seg landslagsopphald og spel i Tippeligaen, seier Skaasheim.

Ladar opp til Hønefoss

Han tykkjer det er kjekt at også Gustav Valsvik er utteken til landslagssamlinga.

– Det er ekstra kjekt. Spesielt når ein er ny i gruppa er det kjekt å ha nokon ein kjenner frå før, seier Skaasheim.

No brukar han tida til å lade opp til kampen mot Hønefoss på søndag. Etter at Sogndal knuste Odd Grenland 4–0 førre helg, er forventningane store.

Er klar til å kjempe

– Det blir ein viktig kamp der vi må ta tre poeng. Vi skal ut å kjempe. Vi er førehandsdømde nord og ned, så vi er gira på å vise at vi kan vere med å hevde oss i ligaen i år, vi også, seier Skaasheim.

Han legg ikkje skjul på at landslagsuttaket er inspirerande for han som fotballspelar.

– Det er jo ei fjør i hatten, men no må eg jobbe for å halde meg der, slik at det ikkje berre blir ein tur, seier Skaasheim.