Hopp til innhold

Har ikkje trua på Olsson og Sogndal

Bergens Tidende har så liten tru på årets utgåve av Sogndal Fotball, at dei tippar at laget hamnar på sistepass i eliteserien.

Jonas Olsson

TIPPAR NEDRYKK: Bergens Tidende trur Sogndal under Jonas Olsson si leiing vil rykkje rett ned i 1. divisjon.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Over ei heil side i dagens avis set BT sine sportskommentatorar Anders Pamer og Tor Strand domen over Sogndal.

– Sogndal har talent i sine rekkjer som er spennande på sikt. Skal dei lukkast med å overleve nok ein sesong, må unggutane slå til frå første stund, skriv Strand og Pamer, utan at dei har stor tru på at det vil skje.

Utfordrande for Olsson

Fleire sportskommentatorar har den siste tida slege fast at dei har liten tru på Sogndal i årets eliteserie. Det blir vist til at stallen er for tynn, og at sal av sentrale spelarar vil slå hardt ut for laget.

Bergens Tidende har heller ikkje mykje tru på Jonas Olsson sine evner til å leie laget til ny kontrakt i eliteserien.

– Utan kjennskap til norsk eliteserie bli utfordrande, men han vil heilt sikkert støtte seg til den bergenske fotballsystematikaren Tom Mangersnes som er årets hjelpetrenar i Sogndal, skriv kommentatorane.

Hopen og Furebotn

UNGE TALENT: Dei unge talenta må slå til i år, for at Sogndal skal klare å halde seg i eliteserien, meiner BT. Her Ørjan Hopen og Henrik Furebotn.

Foto: Anders Hoven / Anders Hoven , Digitalsport

Trekk fram Hopen

På den positive sida har dei trekt fram midtbanespelar Ørjan Hopen, superveteran Eirik Bakke og målvakt Kenneth Udjus.

– Både susande scoringar, presise pasningar og duellstyrken viste at Sogndal har ein midtbanekjempe på gang. Unggutten har teke tak i speleavhengigheten sin, og i Sogndal vonar ein at stortalentet kjem styrka ut av den prosessen, skriv BT.

Kvar dei trur Brann kjem til å hamne på tabellen, har dei to BT-ekspertane førebels ikkje sagt noko om. Men på tipstabellen i avisa, er gullplassen førebels tom...