Hopp til innhold

Sjukmeld, men offensiv: – No skal ikkje Lødemel få gøyme seg vekk lenger

Stortingsrepresentant og framleis leiar for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, er sjukmeld. Men på årsmøtet til Senterpartiet i Sogn og Fjordane lova ho å bli ein offensiv stortingsrepresentant.

Liv Signe Navarsete

OFFENSIV: Liv Signe Navarsete lova å bli ein svært synleg stortingsrepresentant.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I talen sin til årsmøtet på Kviknes Hotel i Balestrand sa ho klart frå at ho ikkje har tenkt å bli usynleg som politikar sjølv om ho går av som leiar i Senterpartiet.

– Eg gler meg til å bli stortingspolitikar frå Sogn og Fjordane på heiltid. Då kan eg love at Bjørn Lødemel og desse karane ikkje skal få gøyme seg vekk i Nordfjord. Då skal dei få svare for seg.

– Kva blir det neste?

Ho fortalde årsmøtedeltakarane om ei tøff tid som partileiar siste åra.

– Eg takkar for all støtta de har gitt meg, det har vore til slik inspirasjon at de anar det ikkje. Eg kan stå i kva storm som helst med slik støtte.

Men Liv Signe Navarsete har trass i denne støtta valt å trekkje seg som leiar i Senterpartiet. Ho fortalde at vegsaka i Lærdal var dråpen som fekk begeret til å renne over.

– Då det tok til att etter jul med denne vegen i Lærdal, ei ikkjesak, då tenkte eg: Kva blir det neste? Kanskje det at eg krasja bilen min i påska i fjor? Partiet kan ikkje bruke tid på slikt.

(Artikkelen held fram under biletet).

Liv Signe Navarsete

SJUKMELD: Liv Signe Navarsete har fått virus på balansenerva.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Partiet må lære

Ho forsikra møtelyden om at ho sjølv er heilt roleg kring avgangen sin og at ho ser framover.

– Men partiet må lære ein ting: Anten leiaren heiter Anne Enger Lahnstein, Odd Roger Enoksen eller Liv Signe Navarsete så utfordrar vi sterke krefter. Det er mange som ynskjer å svekke oss, det er veldig sterke sentraliseringskrefter i sving.

(Artikkelen held fram under biletet).

Fylkesårsmøtet i Senterpartiet

ÅRSMØTET I GANG: Sogn og Fjordane Senterparti opna fylkesårsmøtet sitt i Balestrand fredag føremiddag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Virus på balansenerva

Den avtroppande Senterparti-leiaren er sjukmeld for tida. Ho gjekk sjølv ut på Facebook torsdag og fortalde om årsaka til sjukmeldinga.

«Eg har fått det som på folkeleg språk vert kalla virus på balansenerva, eller vestibularisnevritt, som gjer at eg har svært varierande dagar, frå å kaste opp åtte timer i strekk til dagar eg er småkvalm og lettare svimmel, men på sett og vis kan fungere greitt».

(Artikkelen held fram under videoen)

Ei sjukmeld Liv Signe Navarsete heldt tale under Senterpartiet sitt fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane.

SJÅ VIDEO: Ei sjukmeld Liv Signe Navarsete heldt tale under fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti. (Foto: Vidar Gudvangen/NRK)

Til NRK seier ho at dagsforma varierer mykje. Torsdag kveld var ho og mannen samde om at ho skulle halde seg heime frå fylkesårsmøtet.

– Men då eg vakna i dag var eg litt lettare, difor reiste eg hit, og det er veldig kjekt å vere her. Men eg blir litt til og frå, eg blir dessverre ikkje delegat på årsmøtet, slik eg skulle ha vore.

Det er uvisst kor lenge det går før ho er frisk att. Ho skal gå mykje tur og kvile for at kroppen skal reparere skaden og finne att balansen.

Etter at ho gjekk ut på Facebook har fleire hundre gitt uttrykk for sympati med henne. Sjølv har ho ikkje lese så mange av helsingane, for tilstanden gjer at ho ikkje bør bruke for mykje tid framfor pc-skjermen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Liv Signe Navarsete

LANGT BAK I SALEN: Sp-leiaren fann seg plass langt frå talarstolen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Klem på klem og trampeklapp

Då ho kom til Balestrand var det meininga at ho ikkje skulle gå på talarstolen, men det enda med ein tale likevel.

– Etter innleiingane kjende eg at eg måtte seie nokre ord. Det vart ikkje mange, og det vart ikkje mykje politikk, men eg kunne berre ikkje reise herifrå utan ei lita helsing. Det kosta meg litt, difor måtte eg ut og gå etterpå.

– Og takka frå årsmøtet var klem på klem og trampeklapp?

– Vi har eit godt forhold. Eg var på mitt første fylkesårsmøtet året etter at eg kom inn i politikken i Sogndal i 1991. Eg kjenner mange gjennom både gode og vonde dagar, heldigvis flest gode, men det har og vore nokre tøffe dagar, og ingen har backa meg slik folket i Sogn og Fjordane. Det er eg svært takknemleg for.

Liv Signe Navarsete trur tida framover blir god for Senterpartiet.

– Alle ser at det aldri har vore meir bruk for Senterpartiet enn no, med den politikken som no blir ført. Det gir oss eit rom som eg håpar og trur at partiet skal vene å bruke.

Ho går formelt av som leiar av Senterpartiet på det ekstraordinære landsmøtet 7. april.