Hopp til innhold

Fylkeslaget ynskjer at nokon frå Sogn og Fjordane skal ta over etter desse

Fylkesleiar i Senterpartiet, Karen Marie Hjelmeseter, seier det er fleire aktuelle kandidatar å spele inn til ny partileiing.

Liv Signe Navarsete, Ola Borten Moe og Trygve Slagsvold Vedum

KVEN SKAL TA OVER: Det er det store spørsmålet i Senterpartiet no. Fylkeslaga har frist til 23. februar med å kome med aktuelle kandidatar.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Fylkeslaga i Senterpartiet har frist fram til 23. februar med å spele inn sine kandidatar til nytt sentralstyre. Fylkesleiar, Karen Marie Hjelmeseter, seier dei skal ha ein god prosess fram til dei kjem med sine forslag.

– Vi skal bruke tida vi har til rådvelde, og kome med forslaga når dei er klare. Her er mange personar frå fylket som kan vere aktuelle å spele inn. Vi skal tenkje på dei rette personane.

Vil sende tydelege signal om representasjon

Etter mykje uro i partileiinga varsla partileiar Liv Signe Navarsete sin avgang i januar, og ho bad då også om at heile leiinga blir bytta ut. Hjelmseter er klar på at eit nytt styre må ha nokon frå fylket.

– Sogn og Fjordane er eit tungt senterpartifylke. Vi kjem til å vere tydelege på at vi ynskjer nokon frå fylket inn i sentralstyret. Partileiinga og styret må spegle heile landet, det er viktig. Sentralstyret må ha ein viss geografi og representere alle delane av landet, seier Hjelmeseter.

Karen Marie Hjelmeseter

VIL VERE REPRESENTERTE: Fylkesleiar i Sp, Karen Marie Hjelmeseter, seier dei sende tydelege signal om at nokon frå fylket må vere i leiinga eller sentralstyret.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Diskusjonen har også gått på om dei som inngår i leiinga også må sitte på Stortinget. Frå Sogn og Fjordane er det berre Liv Signe Navarsete som representerer Sp på Stortinget.

– Det er ikkje noko krav om den eller dei må sitte på Stortinget, men vi skal diskutere det i fylkeslaget. Så er det opp til valkomiteen å ta avgjersla på kven dei ynskjer.

Held namna tett til brystet

Om fylkeslaget kan spele inn Liv Signe Navarsete som ein kandidat til å halde fram i styret vil ikkje Hjelmeseter meine noko om i dag.

– Eg vil ikkje diskutere personar no, og har ikkje tenkt gjennom om vi vil spele ho inn som ein kandidat. Vi får vente på prosessen vi har i vårt fylkesstyre, seier fylkesleiaren.

Det er førebels uklart korleis fylkeslaget vil legge opp prosessen med å kome fram til namna som skal spelast inn. Det ekstraordinære landsmøtet i partiet blir halde 7. april.