Hopp til innhold

Jussekspertar: Navarsete braut ikkje lova

Sp-leiar Liv Signe Navarsete var ikkje i nærleiken av å bryte lova då ho prøvde å påverke vegbygginga i heimkommunen.

Liv Signe Navarsete

IKKJE BROT: Jussekspertane meiner Liv Signe Navarsete var i sin fulle rett til å ta ein telefon til ein regjeringskollega om kvar E16 skulle gå.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Eg kan ikkje forstå at det er noko lovstridig i dette. For meg verkar det som ei ordinær lokalpolitisk sak. Navarsete representerer Sogn og Fjordane, og det er ikkje første gong at folk frå eit fylke prøver å gjere noko som dei meiner er til det beste for folk i sitt eige fylke, seier jussprofessor Eivind Smith til NRK.no.

Han ser ikkje at det er nokon grunn for at saka skal inn for kontroll- og konstitusjonskomiteen.

– Etter det eg forstår, er det ikkje nokon grunn til det. Ein viktig grunn til at denne saka har vorte så stor, er at Navarsete for tida er litt skadeskoten politisk. Då har media ein tendens til å hengje seg på, og gjere saker større enn kva dei fortener, seier Smith.

Jussprofessor Jan Frithjof Bernt seier til Klassekampen at det er heilt unødvendig at saka kjem opp for Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite, slik Framstegspartiet, Høgre og Venstre har varsla.

– Inhabilitetsproblematikken kjem ikkje inn, fordi ho ikkje opptredde som statsråd, men som vanleg politikar i ei sak utanfor hennar ansvarsområde, klart nok ut frå eit lokalpolitisk engasjement, seier Bernt, som er professor ved Universitetet i Bergen.

Er ei ikkje-sak

– Eg ser ikkje noko lovstridig i dette, og det liknar veldig på ei ikkje-sak, seier Eivind Smith som er professor ved Universitetet i Oslo.

Samferdsledepartementet og Statens vegvesen ønskte at den nye traseen på E16 gjennom Lærdal skulle leggjast som veg, ein veg som ville vorte lagt 300 meter unna huset til Navarsete.

Ei veke før den raudgrøne regjeringa gjekk av, tok Navarsete kontakt med miljøvernminister Bård Vegar Solhjell med ønskje om å leggje vegen i tunnel.

Solhjell handsama saka som ei innsigelsessak og avgjorde at vegen skal leggjast i tunnel. Det skal ha gitt ei ekstrarekning på 400 millionar kroner.

Kompromissforslag

Dåverande samferdsleminister, Navarsetes partikollega Marit Arnstad, gjekk inn for ein kortare tunnel, skriv VG og Dagens Næringsliv torsdag.

– Framstillinga om at den endelege avgjerda kom stikk i strid med fagetatanes tilråding, er gal, seier Arnstad til Dagens Næringsliv.

Navarsete uttalte onsdag at ho gjerne forklarar seg om saka.

– Dersom det vert aktuelt, er eg sjølvsagt klar til å forklare med til kontroll- og konstitusjonskomiteen. Der skal eg gjere greie for korleis politikarar best kan følgje opp lokale vedtak, sa Navarsete.