Hopp til innhold

– Faremo byrjar i feil ende

Justisministeren byrjar i feil ende når ho vil styrke nærpolitiet ved å gi dei fleire sivile oppgåver. Det seier Høgrepolitikar André Oktay Dahl i Justiskomiteen på Stortinget.

André Oktay Dahl, Johan Brekke og Grete Faremo

TO MOT EIN: André Oktay Dahl (t.v.) er ueinig med Grethe Faremo. Det same er Johan Brekke (i midten).

Foto: Bye Skille/NRK / Tone Merete Lillesvangstu/NRK / Peter Taler/NTB Scanpix

Torsdag sa justisminister Grethe Faremo at ho vil behalde dagens tal på lensmannskontor og styrka nærpolitiet.

Men Oktay Dahl meiner at ein heller bør redusera talet på oppgåver for politiet slik at dei kan konsentrera seg om det som er viktig.

– Me meiner at Justisministeren byrjar i feil ende på fleire område. For det første at det budsjettet ho har lagt fram, ikkje vil føra til fleire politifolk, og det andre er at det ser ut til at ho skal fylla opp politiet med mange nye oppgåver som ikkje er politioppgåver, men reine sivile oppgåver.

Vil leggja ned

Politimeisteren i Sogn og Fjordane, Johan Brekke, ynskjer å leggja ned alle lensmannskontor med tre eller færre tilsette.

– Omfanget og kompleksiteten i dei oppgåvene som politiet har, gjer at det faktisk ikkje er mogleg å løyse alle desse oppgåvene om dei er så få tilsette på eit kontor, har han sagt til NRK tidleg i oktober.

– Men vil ikkje dette føre til at det blir for store avstandar og det går ut over responstida?

– Eg er ikkje uroa for det. Eg trur heller det blir motsett. Har vi meir politi samla på ein plass, blir det lettare å løyse alle dei oppgåvene som politiet har.

Støttar Brekke

Dei planane ser ut til å stoppa med Faremo si uttale på torsdag, men no får Brekke støtte av opposisjonen på Stortinget.

– Me bør heller redusere talet på oppgåver slik at politiet kan konsentrere seg om meir om dei oppgåvene som trass alt er viktigast at politiet gjer.

– So du støttar Brekke, som vil ha færre lensmannskontor slik at han skal få meir ut av dei politiressursane han har i dag?

– Eg tykkjer Faremo byrjar i feil ende når ho snakkar om struktur og organisering, før ho ser på oppgåvene dei har frå før og at dei faktisk ikkje har råd til å gjere alle dagens oppgåver ein gong. Då er det merkeleg at justisministeren legger endå fleire oppgåver til politiet, samstundes som ho stryp pengesekken att slik at det blir vanskeleg å tilsetja fleire politifolk.