Hopp til innhold

Slik meiner sakkunnige at dødsulukka skjedde

Dei to bilane støytte saman i minst 125 og 67 km/t under kollisjonen ved Bryggja skjærtorsdag i fjor. Kollisjonen skjedde i den omkomne sitt køyrefelt.

Dei to bilane krasja i minst 125 og 67 kilometer i timen den fatale morgonen 28. mars 2013.

KOM OVER: Rekon sin animasjon plasserer tydeleg Mercedesen i den motsett køyrefelt i kollisjonen.

Det er konklusjonen til sakkunnige Erik Aanerud frå Rekon.

Sidan 1997 har han handtert 1.215 trafikkulukker for ingeniørfirmaet, som er spesialistar på analysar og rekonstruksjonar av trafikkulukker.

– Eg meiner simuleringane oppsummerer samanstøyten godt. Truleg viser den ikkje for høg, men for låg fart. Det er ekstremt liten sannsynlegheit for at farten var mindre, sa Aanerud.

(Artikkelen held fram under animasjonen)

Rekon sin animasjon av dødsulukka ved Bryggja.

MERCEDES: Animasjonen viser sikta frå tiltalte sin bil i sekundane før samanstøyt. Farten er sett til 125 km/t.

Sprikande forklaring

Den tiltalte har forklart at han heldt fartsgrensa som er i området, 80 km/t, då han skjærtorsdag i fjor køyrde heim frå nattevakt i Eid. Legen hevda også at bilen som kom i mot heldt høg fart og kom skrått mot han då kollisjonen skjedde på riksveg 15 ved Bryggja i Vågsøy.

Politiadvokat Erling Melvær og sakkunnig Erik Aanerud.

KLAR: Konklusjonen til sakkunnige Erik Aanerud (t.v.) er klar. Her er han i samtale med aktor Erling Melvær.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I den møtande bilen omkom føraren, ei polsk seksbornsmor. Kjærasten hennar overlevde ulukka, og han fortalde at tiltalte heldt svært høg fart – og at bilen kom mot dei midt i vegen.

– Vi er trygge på at verdiane ikkje var lågare, sa Aanerud.

100 simuleringar

Aanerud har i arbeidet vurdert skadane på køyretøya, tekniske data frå køyretøya, bilete og oppmålingar som politiet og Statens vegvesen sikra på staden og vegbana i sitt arbeid.

Han gjorde kring 100 simuleringar for å få dei ulike opplysningane til å stemme.

(Artikkelen held fram under animasjonen)

Rekon sin animasjon av dødsulukka ved Bryggja.

RENAULT: Animasjonen viser sikta frå den omkomne sin bil i sekundane før samanstøyt. Farten er sett til 85 km/t.

– Det viktigaste å ta stilling til var kollisjonsmerke i vegbana. Det var typiske merke som oppstår når bilar kolliderer, og bildelar slår ned i asfalten, sa Aanerud, og fortalde retten at det skal store krefter til for å lage slike spor i den harde vegbana.

Aanerud seier bildelane slår ned med stor kraft, omtrent umiddelbart etter samanstøyten.

Vridde mot høgre

– Og heile kollisjonen skjer i løpet av sju hundredels sekund. Dei kreftene som oppstår der er veldig, veldig store og mykje større enn dei som oppstår etter samanstøyten. Før og etter blir bilane påverka av tyngdekraft og friksjon, la han til.

Aanerud har funne det foreinleg at bakparten på Renaulten slo ut mot høgre og trefte autovernet etter samanstøyten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikkulukke ved Bryggja.

ULUKKESSTADEN: Slik såg ulukkesstaden ut etter den kraftige samanstøyten.

Foto: Øystein Torheim

Mercedesen til legen meiner han også har vridd seg ut mot høgre. Denne velta først over på sida før den vippa og sklei på panser og tak ned bakken.

Heilt på feil side

Sivilingeniøren plasserte den tiltalte sin bil i den omkomne sitt køyrefelt, med høgredekka om lag plassert på gulestripa. I beste fall kring ein halvmeter lengre til høgre.

Aanerud meiner ein overlapping i samanstøyten på 40 centimeter er mest truleg.

– Mest truleg har Mercedesen hatt høgrehjulet om trent på midtlinja, men resten i venstre felt. Renaulten har mest sannsynleg hatt sitt høgre hjul på si kantlinje, sa Aanerud.

– Sjeldan god jobb

Paul Inge Angelshaug

FORSVARAR: Paul Inge Angelshaug.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Forsvarar Paul Inge Angelshaug spurte om nokon av bilane kunne hatt vinklar.

– Det er ikkje umogleg at den eine eller begge kan ha hatt nokre få grader. Det eg kan seie sikkert er at Renaulten ut frå vegbana, og skadane i autovernet, ikkje kan ha hatt mange grader vinkel. Kanskje to-tre, svarte Aanerud.

Angelshaug spurte også om det var ting ved arbeidet til Statens vegvesen eller politiet han skulle sett var gjort annleis.

– Det vart gjort ein sjeldan god jobb med oppmåling, sa han og likevel meinte at ein burde forsøkt å finne ut kva bildelar som sette kollisjonssåra i vegbana.

Såg kvarandre i kring to sekund

Med ein fart på kring 85 km/t for Renaulten, og 125 km/t på Mercedesen, ville dei to hatt høve til å sjå kvarandre i kring 2,5 sekund. Då var bilane 140 meter frå kvarandre. Ulukka skjedde kring 50 meter vest for høgaste punkt på strekka.

Den tiltalte legen meinte den høge farten som blir anslått av speedometeret i bilen hans, må skuldast ei panikkhandling like i forkant av samanstøyten.

Aktor Erling Melvær spurte Aanerud om det var mogleg å gå frå 80 km/t til 125 km/t på så kort tid.

– Den kunne klart det på 6,9 sekund, og den ville trengt 200 meter på det. Hadde den kome i 113 km/t, så hadde det vore mogleg å klart det på 2,5 sekund, sa Aanerud og la til at han då ikkje tok omsyn til reaksjonstid.

Truleg 137 km/t

Påtalemakta har lagt fram eit bilete av speedometeret til tiltalte sin bil. Dette viste 142 km/t.

Bilfabrikanten vart oppmoda om å hjelpe til med å hente informasjon frå bilen, og med å klarlegge om nåla kunne flytte på seg og eventuelt når speedometeret stogga. Dette skjedde ikkje.

Torgeir Bang og Erik Aanerud

KLAR: Sivilingeniør Erik Aanerud er klar på kva som skjedde under dødsulukka ved Bryggja i mars i fjor.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ut frå turteljaren, verdiane i dekket, dieselmålar og temperaturmålar, meinte Aanerud at farten var kring 3,5 prosent lågare enn det biletet viste.

– Bilen stod i sjuande gir. Turteljaren stod på noko over 2.000, ca. 2.070-2.080. Det tilsvarar ein fart på kring 137 km/t i fart, og ikkje 142 km/t, sa Aanerud og la til at dette likevel berre er ein indikasjon og ikkje bevis.

– Eg har ikkje brukt det i mine utrekningar, då heller ikkje eg kjenner til oppbygginga av teknikken, sa han.

Forsvararen fokuserer på forløpet

Den sakkunnige si forklaring må lesast og forståast ut ifrå mandatet og grunnlaget han har å jobbe frå, meiner forsvararen.

– Han var jo open på at det er ei tolking av spora han får tilsendt, og at det er ei teknisk vurdering. Han var jo veldig klar på at røynda avviker frå dei tolkingane som det programmet som vert brukt gir, seier Angelshaug.

– Når det gjeld farta er det viktig å presisere at den sakkunnige har sett eit minimum på 125 km/t. Men det er eit der og no, ei tolking av kollisjonsaugneblinken.

– Fokuset vi har stilt ein del spørsmål til er forløpet til kollisjonen, som vi meiner er det heilt sentrale og essensielle som vi vil kome nærmare inn på i morgon under avslutninga, seier Angelshaug.

Prosedyrar fredag

Om retten støttar seg til sakkunnige Aanerud sin analyse av ulukka, både farten til bilane og at tiltalte kom over i motsett køyrefelt, står det att for retten å vurdere aktsemda kring køyringa hans. Samt kvifor det vart funne innsovingsmiddelet Zolpidem i blodet hans.

Den einaste forklaringa legen har til dette, er at han fekk i seg tabletten ved ei forveksling med antihistamin mot allergi.

Prosedyrane skjer fredag, då aktor og forsvaret legg ned sine påstandar.