Hopp til innhold

Sjølvbetening skal berge små nærbutikkar

Ein etter ein blir små bygdebutikkar sjølvbetente. Med hjelp frå staten skal døgnopne butikkar gjere det mogleg å drive i utkantane.

Butikksjef Magne Svardahl på Askrova

DIGITAL BUTIKK: Butikksjef Magne Svardahl vurderte å gi seg med butikkdrift, men med den nye løysinga er også framtidstrua på plass. Kundane kjem seg inn og ut sjølv, men butikksjefen kan følgja med på kamera via mobilen sin.

Foto: Sander Eide Aase / NRK

Om lag 40 små butikkar rundt om i landet har i dag sjølvbetjening.

Ved hjelp av digitale løysingar kan kunden sjølv låse seg inn og bruke butikken, utan at tilsette er til stades. Nokre av dei held døgnope, andre frå 7 til 23.

Ein av dei er butikken på øya Askrova utanfor Florø i Vestland.

– Det har blitt ein heilt ny kvardag for oss. Dette gjer det mogeleg for meg å halde butikken gåande, seier butikksjef Magne Svardahl.

Butikksjefen kallar det ein «digital butikk». For sjølv om kunden er åleine i butikken, kan butikksjefen følgje med via mobiltelefonen. Der har han full oversikt over kvar ein krik og krok i lokala.

Selvbetjent dagligvare

Det er automatar av denne typen som gjer at kundane kjem seg inn i butikken når dei tilsette ikkje er til stades.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Får fleire kundar

Ordninga med sjølvbetente butikkar starta som eit prøveprosjekt under det statlege Merkur-programmet i 2020. Først ut var nærbutikken i Eksingedalen i Vaksdal kommune.

Nesten tre år seinare har rundt 40 nærbutikkar over heile landet fått sjølvbetening.

Tal frå Merkur viser at dei første åtte pilotbutikkane hadde ein kundevekst på 34 prosent, og auka omsetnaden med 49 prosent etter det første året med sjølvbetening.

Felles for butikkane er at dei held til i små bygder.

Hege Marie Lavik

Hege Marie Lavik driv butikken i Eksingedalen i Vaksdal. Dei var først ut i landet med sjølvbetent nærbutikk.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

– Dei små butikkane er limet i bygda, fastslår Atle Stalheim.

Han er Merkur-konsulent for Sogn og Fjordane og Sunnmøre og tilbyr hjelp og støtte til Merkur-butikkar.

Overgangen til sjølvbetening har vore ein suksess, meiner Stadheim.

– Kundane er fornøgde med betre tilgjenge og butikkeigarane er fornøgde. Det er ein vinn-vinn-situasjon. Vi ser at det gir ein god økonomisk effekt å digitalisere butikken.

Får økonomisk støtte

Gjennom Merkur-programmet kan nærbutikkane få økonomisk hjelp til å oppgradere til sjølvbetening.

– Dette hadde ikkje vore mogleg for oss om me ikkje hadde fått støtte. Ordningane har gjort det mogleg å oppdatera butikken, seier butikksjefen på Askrova.

Nærbutikken på Askrova i Kinn

Nærbutikken er einaste samlingspunkt for dei 90 fastbuande og feriegjester på øya Askrova.

Foto: Sander Eide Aase / NRK

Han har hatt sjølvbetening sidan i fjor sommar.

Butikkane kan i tillegg få stønad til både panteautomatar og parkeringsplassar.

Butikken til Svardahl har gått i arv i generasjonar.

Sjølv har han drive butikken dei siste 40 åra. Utan den nye løysinga trur han ikkje det hadde vore mogleg.

– Dei digitale løysingane har gitt meg fridomen eg treng til å gjera litt meir av det eg vil.

Dei positive erfaringane frå Askrova har fått fleire av butikkane på naboøyene til å følgje etter.

– Folk er nok litt skeptiske i starten, men hjå oss har det gått veldig bra, fastslår butikksjefen utanfor Florø.