Hopp til innhold

Sjøforsvaret vil granske eldre ulukker

Sjøforsvaret skal studera andre marineulukker og samanlikna dei med «Helge Ingstad»-kollisjonen.

KNM Otra

ØYDELAGD: KNM «Otra» var ute av drift i eit halvt år etter smellet. – Det blei nokre blåmerke og skrubbsår. Ein person måtte sy eit par sting i hovudet, og ein hadde nakkeproblem i etterkant, sa Sjøforsvaret etter ulukka.

Foto: SJØFORSVARET

KNM «Otra» er den siste større, kjende ulukka med eit norsk marinefartøy i norsk farvatn før fregattforliset i Hjeltefjorden natt til 8. november.

Minesveiparen «Otra», eit fartøy i Alta-klassa, rende på eit skjer i Solund om kvelden 31. januar 2017.

Fleire om bord blei lettare skada, opplyste kommandørkaptein Per Rostad i Sjøforsvaret.

– Det blei nokre blåmerke og skrubbsår. Ein person måtte sy eit par sting i hovudet, og ein hadde nakkeproblem i etterkant, sa Rostad.

På spørsmål om denne og andre ulukker skal studerast på nytt etter fregattforliset, svarar sjef for Sjøforsvaret, kontreadmiral Nils Andreas Stensønes:

– Det kjem vi til å gjera. Vi kjem til å byrja nær hendinga, så vil vi jobba oss bakover og utover og framover. Breiare og breiare.

Nils Andreas Stensønes

VENTAR: – Vi har gitt alle data og tilgang til personell til Havarikommisjonen og politiet. Først når det er frigitt, kan vi starta vår undersøking, seier sjøforsvarssjef Nils Andreas Stensønes.

Foto: Christian Lura / NRK

Opplæring på brua

Under «Otra»-ulukka, som under «Helge Ingstad»-forliset, var det opplæring på brua i mørket. Minesveiparen var ute og testa skipssjefkandidatar då det gjekk gale.

Ulukka skuldast fleire samanfall, ifølgje ulukkesrapporten, som òg BA omtalte 16. november:

  • Det svikta i kommunikasjonen. Truleg oppfatta ikkje skipssjefkandidaten fleire beskjedar om å tørna.
  • Kursen var ikkje optimal for det tronge sundet ved Saltskår lykt.
  • Peileverktøya var uvande, og kombinert med nattemørket vanskelege å bruka.
  • Skipssjefkandidaten såg mellom anna ikkje raudpunktet i peilesøyla i dei avgjerande sekunda før dei trefte land.
  • Alarmen som skulle varsle om farar, var ikkje innstilt for innanskjers seglas. Alarmen gjekk av ofte, det kan ha oppstått ein «ulv, ulv»-situasjon på brua.
  • Mannskapet var ikkje godt samkøyrt, kontrolløren av skipssjefkandidaten var fersk i rolla.
KNM Otra

Vil ta tid

– Det verkar på meg som om «Helge Ingstad»-kollisjonen var ei anna type ulukke enn denne, seier pensjonert kommandør Jan Wilhelm Dahl, som leia granskinga av «Otra»-ulukka.

Det vil ta tid før Sjøforsvaret kjem i gang med interngranskinga og kan samanlikna fregattforliset med tidlegare ulukker.

– Vi har gitt alle data og tilgang til personell til Havarikommisjonen og politiet. Først når det er frigitt, kan vi starta vår undersøking, seier Stensønes.