Marinesoldatar skada då denne rende på land

Då kandidatar til skipssjefkurset skulle øva på å manøvrera minesveiparen nær land i mørket, skjedde ulukka. Fleire om bord blei lettare skada.

KNM Otra

PÅ LAND: KNM «Otra» i opnare farvatn. No ligg fartøyet på slipp på Haakonsvern etter å ha køyrt på land i Solund i januar.

Foto: Sjøforsvaret/Forsvarets mediesenter

Om kvelden 31. januar i år segla KNM «Otra» i Skomakarleia, i dei ytre delane av Solund kommune i Sogn.

Oppdraget var å testa offiserar før opptaket til skipssjefkurset på Sjøforsvarets mineryddarar.

Det var ein klar kveld, men stummande mørkt då KNM «Otra», ein Alta-klasse minesveipar, var på veg nordover. Ved Saltskår lykt blei det bom stopp:

Med ein fart på rundt 18 knop krasja fartøyet i land. Baugen trefte fjæresteinane i skrå vinkel på styrbord side.

Det er gått snart to månader etter ulukka, men den har ikkje vore offentleg kjend før no, etter at NRK fekk innsyn i intern korrespondanse i Forsvaret.

Laster kart, vennligst vent...

Måtte sy i hovudet

Fleire om bord blei lettare skada, opplyser kommandørkaptein Per Rostad i Sjøforsvaret.

– Det blei nokre blåmerke og skrubbsår. Ein person måtte sy eit par sting i hovudet, og ein hadde nakkeproblem i etterkant, seier Rostad.

Både lege, psykolog og prest blei kopla inn.

– Alle som trong medisinsk oppfølging, har fått det, seier Rostad.

NRK får opplyst at det ikkje er avdekt tekniske problem med KNM «Otra» som mogleg årsak til grunnstøytinga.

Forsvaret har sagt nei til at NRK får komme inn på marinebasen for å sjå skadane på fartøyet.

Treng ikkje varsla

Kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet seier at Sjøforsvaret ikkje har plikt til å rapportera til sivile instansar om hendingar med eigne fartøy.

– Unntaka er viss ulukka involverer andre fartøy enn militære, og når det er fare for utslipp av farlege stoff, seier Aarhus.

Sjøforsvaret har sett ned ein undersøkingskommisjon som skal finna ut kvifor ulukka skjedde. Den blir leia av pensjonert kommandør Jan Wilhelm Dahl. Han ønskjer ikkje å kommentera saka no.

Kommisjonens rapport blir truleg ferdig til sommaren.

– Vi ser alltid alvorleg på slike hendingar Heldigvis skjer det sjeldnare no enn tidlegare. Vi har betre navigasjonsutstyr no, seier Rostad.