Hopp til innhold

Sjekk superferjene som køyrer av seg sjølv

Framtidas ferjereiser kjem til å bli noko heilt anna enn i dag. Snart sit du om bord i ferjer som køyrer av seg sjølv.

Superferje

AUTOMATISK: Dei nye Fjord1-ferjene skal ta 120 bilar og 12 vogntog, dei vil vere 106 meter lange og 17 meter breie. Dermed vil begge ferjene vere om lag like store som bilferja ' MF Lote' som trafikkerte sambandet før, og eit godt hakk større enn MF Årdal som går der i dag.

Foto: Multi Maritime

Den ubemanna ferjekvardagen kan vere nærare enn vi trur. Alt om eitt år kjem dei nye batteriferjene mellom Lote og Anda i Nordfjord, som blir styrte av ei datamaskin.

Ferja skal ikkje ha billettørar og dei nysteikte ferjesvelene blir erstatta med automatar. På ferjekaia har folk litt delte meiningar om dei nye ferjene.

– Det høyrest litt skummelt ut at ferja skal køyre sjølv. Det blir stille dersom det verken blir billettør eller kiosk, seier Isabell Øie frå Ørsta som ventar på ferja på Lote.

Ute på fjorden kan ein sjå røyken og høyre duren frå bilferja Årdal som trafikkerer eit av dei mest travle sambanda i Sogn og Fjordane. Men om litt over eitt år er dette lyden av fortida.

Sunniva og Wenche Leknessund

BOMMA PÅ FERJA: Sunniva og Wenche Leknessund vil helst ha bru over fjorden. – Ventetida blir vel der uansett kor automatisk ferjer er, seier Wenche, (t.h.)

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ny ferjekvardag

Frå 1. januar 2018 kjem dei nye og avanserte ferjene til Fjord1. På Lote-Anda skal begge ferjene vere heilt elektriske, billettørane er skifta ut med autopass-systemet frå bomringane. I fylgje Teknisk ukeblad skal ferja automatisk styre seg sjølv over fjorden utan at kapteinen treng å ta i roret.

Men bilistane på kaia fryktar på si side mest for klassikaren nysteikt ferjesvele, for også kafeen om bord blir bytt ut med automatar.

– Det blir eit sakn dersom det ikkje skal vere kiosk. Då er dei ikkje venn med oss, seier Kirsten Førde.

Ove og Kirsten Førde

UTAN KIOSK: Ove og Kirsten Førde kjem til å sakne ferjesvelene.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Heilautomatisk framtid

Det er Rolls-Royce som har utvikla det såkalla auto-crossingsystemet. Etter at kapteinen har lagt frå kai, tar automatikken over og tilpassar kurs og propellar. Målet er at mest mogleg straum frå batteria vert spart.

Jann Peter Strand

FØRSTE STEGET: Jann Peter Strand er produktsjef i Rolls-Royce Marine.

Foto: Tony Hall/Rolls-Royce, Tony Hall

– Kapteinen tek ferja ut frå kai. Automatikken styrer så ferja langs den kursen ein har valt til kapteinen tar over igjen og legg til kai, seier produktsjef i Rolls-Royce Marine, Jann Peter Strand.

Akkurat no er det eit kappløp om å vere fyrst i verda til å lage båtar som kan køyrast heilt utan mannskap, noko som kan revolusjonere skipsfarten.

Superferje

NYE FERJER: Teknologien for å ta ferjene automatisk til og frå kai er også i praksis klar, men Fjord1 vel å ta ting stegvis.

Foto: Multi Maritime Multi Maritime

Energieffektiv

Det er Multi Maritime i Førde som har designa dei to nye batteriferjene til Fjord1. Dei to digre ferjene kjem til å ha eit samla årleg straumforbruk tilsvarande i underkant av 200 husstandar.

Hans Kristian Dyrli, Muliti Maritime

ENERGIEFFEKTIV: Prosjektutviklar Hans Kristian Dyrli i Multi Maritime i Førde.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Det skal vi drive to ferjer på. Då skal den eine gå heile døgeret også, så det er eit ganske lågt energiforbruk, seier prosjektutviklar Hans Kristian Dyrli.

Lote-Anda vil bli det fyrste sambandet som berre blir drive av batteriferjer. Men i tilfelle langvarig straumbrot i Nordfjord, skal ferjene også ha vanleg motor i beredskap, slik at sambandet ikkje må stengast.