Hopp til innhold

Sjå kva Oddvar får til bursdagen

Når kunstnaren Oddvar Torsheim til hausten fyller 75 år skal han få seg ei ku i bursdagsgåve. Og det blir på ingen måte ei heilt vanleg ku.

Oddvar Torsheim får ei spesiell gåve til 75 årsdagen. Nemleg ei statue av biletet sitt "Kyra". Sjølv lokkar han gjerne på den...

AUDMJUK: Oddvar Torsheim gler seg stort til gåva han skal få når han blir 75 til hausten. (Foto: Birger Meland).

Når kunstnaren Oddvar Torsheim til hausten fyller 75 år skal han få seg ei ku i bursdagsgåve. Og det blir på ingen måte ei heilt vanleg ku.

– Den vil passere fire meter frå føtene og opp til horna, så ho blir synleg. Ei godt vaksen ku, flirer Åsmund Bertelsen.

Han leier ein komité i Naustdal som no har starta kronerulling til prosjektet med den spesielle gåva.

– Ei skikkeleg gåve

Som du sikkert forstår er det ikkje ei levande ku det er snakk om. I staden er det ei stor statue av ei ku som Torsheim sjølv har teikna, med utgangspunkt i biletet Nedkomst.

Kunstnaren Geir Hjetland skal stå for utforminga av statuen, og når den er ferdig skal den få plass på Sanden i Naustdal.

Og kua skal passande nok stå saman med ei budeie, nemleg kunstverket Budeia laga av ein annan lokal kunstnar, Kjartan Slettemark. Åsmund Bertelsen i komiteen for den spesielle gåva vil at statuen «Kyra» skal bli ei folkegåve.

– Eg prøvar å mobilisere folk litt, det er verdt det å gjere noko skikkeleg, seier Bertelsen.

– Oddvar har betydd mykje for Sunnfjord på veldig mange måtar, og det minste vi kan gjere er å gje han ei skikkeleg gåve tilbake når han passerer 75, seier Bertelsen.

– Nesten betre enn min

Han er begeistra for kunstverket Budeia som allereie står på Sanden, og trur ei ny statue like i nærleiken vil passe bra inn.

– Kunst ute som er synleg trur eg er veldig viktig. Det er kunstverk som på ein måte ikkje bli ferdige, du kan studere dei og du finn nye sider ved dei, seier Bertelsen.

Og statuen av kua blir altså ikkje noko småtteri. Den vil rage rundt fire meter over bakken, og skal i tillegg lyssettast. Oddvar Torsheim sjølv er svært begeistra for måten Geir Hjetland vil gje liv til biletet hans.

– Eg stolar veldig på han Geir Hjetland, og eg synest den modellen han har laga av Kyra var nesten betre enn min, seier han lattermild.

(Artikkelen held fram under biletet)

Åsmund Bertelsen og Oddvar Torsheim på Sanden i Naustdal

FOLKEGÅVE: Åsmund Bertelsen håpar mange vil vere med på statuen av Kyra som er tenkt å vere ei folkegåve til Oddvar Torsheim.

Foto: Birger Meland / NRK

– Veldig glad

Akkurat kvar Kyra skal stå i forhold til Budeia er ikkje bestemt enno, men Oddvar Torsheim sjølv håpar dei ikkje blir ståande for langt frå kvarandre.

– Eg synst godt det kan vere ein dialog mellom dei, seier Torsheim og får støtte frå Bertelsen.

– Det må vere ein kommunikasjon og ein kontakt mellom dei.

Torsheim vedgår at han set stor pris på den merksemda som han kan gle seg til på bursdagen til hausten.

– Eg er ein audmjuk mann, eg har ikkje levd fåfengt. Eg er veldig glad for dette.

– Kom kua

Og når ein først skal lage ei statue av ei kyr, og den får plass like ved ei budeie. Kva er då meir naturleg enn at budeia lokkar på den?

– Ideen er at budeia i stølssesongen skal lokke på kua, det skal vere automatisk frå midten av juni til slutten av august. At det kjem ein kulokk ut på ettermiddagen, seier Bertelsen.

Torsheim som har gitt ut eigen CD tidlegare stiller gjerne si karakteristiske stemme til disposisjon til kulokken.

– Kom kua, kom kua, demonstrerer han.