Hopp til innhold

Førde-ordføraren vil gi Torsheim mini-galleri

I over tjue år har mulitikunstnaren Oddvar Torsheim venta på eit permanent utstillingslokale i Førde. No tek Førde-ordførar Olve Grotle til orde for eit mini-galleri.

Kollage Torsheim - Grotle
Foto: Karl Kristian Langeland/Vidar Gudvangen / NRK

– Vi prøver å få til ei ordning med det nye kunstmuseet der Oddvar Torsheim og kanskje fleire av dei fremste kunstnarane i Sogn og Fjordane gjerne kan få sin eigen plass, seier Førde-ordførar Olve Grotle (H).

Han ser for seg eit mini-galleri der kunsten kan få komme til sin rett.

– Eit galleri der ein på permanent basis kan få sjå og nyte den kunsten som Torsheim og andre store kunstnarar i fylket har gitt oss, seier Grotle.

Tek til å haste

I dagens Firda stod Torsheim fram og etterlyste eit permanent utstillingslokale.

– I desember vert eg 74 år, så no tek det av fleire årsaker til å haste, seier Torsheim til avisa.

Torsheim har gjort seg kjent som multikunstnar, og dei fleste i Sogn og Fjordane har eitt eller anna forhold til den kjende streken som er så karakteristisk for Torsheim.

Kunstnaren har teke vare på måleri, litografi, teikningar og mangt anna frå eit langt kunstnarliv, og meininga var at kunsten hans skulle få ein permanent plass i Førde.

– Dei snakkar stadig om eit lager, men det er ikkje det eg vil ha. Bilete skal sjåast, ikkje arkiverast, seier Torsheim til Firda.

To årsaker til å få galleri på plass

Det kan det altså bli ei ordning på no.

Grotle ser to grunnar til å få i stand eit slikt mini-galleri i samband med det nye kunstmuseet.

– For det første vil det nye kunstmuseet bli ein svært attraktiv plass. Det er vanskeleg å tenkje seg at det ikkje vil bli svært mange besøkjande der. Dermed har vi allereie sikra oss mange besøkjande til Torsheim, seier Grotle.

– Kan rullere kunstverka

Det andre argumentet for eit mini-galleri er oppbevaring av kunsten til Oddvar Torsheim.

– Oppbevaring av kunst, eit såkalla depot, er eit eige fag. Det er viktig at kunsten blir oppbevart på ein skikkeleg måte, seier Grotle.

Han meiner det å kombinere oppbevaring og utstilling, er gunstig.

– Dersom vi kombinerer desse to tinga, eit mindre utstillingsområde med eit depot, så kan kunstmuseet rullere kunstverka på ein slik måte at det alltid er spennande å komme og sjå Torsheim sin kunst på museet, seier Grotle.

Håpar kunstnaren vert nøgd

Han understrekar at kunstnaren, som opphavleg er frå Naustdal, betyr mykje for Førde kommune.

– Det er ikkje tvil om at Oddvar Torsheim betyr mykje for Førde kommune. Eg håpar og trur at vi skal få til ei ordning som gjer at både Førdefolk, Førde og ikkje minst kunstnaren sjølv er nøgde med resultatet, seier Grotle.